Sport | 13. sep. 2015

Persa med 10 centimeter!

VIDEO: Sjå Sondre Herrevold nå nye høgder og Mons Martin Borgen tangera eigen pers.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. sep. 2015 07:56

Bildeserie:

Mons-Martin Borgen. (Foto: KVB)
Mons-Martin Borgen. (Foto: KVB)
Sondre Herrevold. (Foto: KVB)
Sondre Herrevold. (Foto: KVB)
1 av 2
Mons-Martin Borgen. (Foto: KVB)
Sondre Herrevold. (Foto: KVB)

Under opningsstemnet til Os Turn friidrett, som starta laurdag, blir dei første banerekordane sett, éin etter éin. Nokre av utøvarane, i alt er det 400 startar denne helga, yter også sitt beste.

Ein av dei er Sonde Herrevold. Han prioriterer spyd, men der var han ikkje nøgd etter å ha missa på målsetnaden for dagen, 52 meter. Det ville vore ny bestenotering.

Men i høgde gjekk det langt betre, sjølv om første rekordhopp ikkje blei godkjent.

– Malinga er ny og beslaget som held stokken oppe seig visst nokre centimeter, fortel Sondre om årsaka til at 1,75 meter likevel ikkje var 1,75 meter.

Så kom andre forsøk, der han reiv, før han i siste forsøk slo persen frå vinteren 2014 med 10 centimeter.

Mons Martin tangerte

Mons Martin Borgen er som Herrevold veldig nøgd med nyopna Os Idrettspark.

– Men sesongen har ikkje vore så god. Det blei litt lite trening mens banebygginga heldt på.

Borgen klarte likevel å tangera sin eigne personlege rekord på første forsøk, 1,90 meter gjekk som ein leik.

Men så kom tre forsøk på 1,91. Ingen av dei var gode nok, men første forsøk såg ut til å vera svært nær.

Opningsstemnet held fram frå klokka 11 i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.