Photoshoot førte til utrykking
... dei skulle berre ta bilde av bil som burna.
Måndag, midt i sendinga frå valnatta, rykte Os brannvesen og på automatisk varslar i Ådnadalen.
– Det viste seg at røyken som utløyste alarmen kom frå svidde dekk, seier brannsjef Stein Gjøsund til Midtsiden.
Utrykkinga var i 21.30-tida.
– Burninga var i samband med noko filming, og dei som heldt på med filminga skal ha fått løyve.
Det var ingen brann på staden, men brannvesenet måtte setja ut vifter for å tømma det store lageret for røyk, for å kunna tilbakestilla varslingsanlegget.
Midtsiden har vore i kontakt med reklamebyrået Picapoint, som har kontor i bygget. Det er verken Picapoint eller Varde Media, som har brukt ledige delar av lageret i ulike samanhengar, som har filma akkurat denne kvelden.