«Pinsegalskap» og sommarvarme: Bestseljarane i Hamnevegen

Varmen aukar tempoet på vinmonopolet.

Ragnhild S. Blindheim gler seg øve gode dagar på vinmonopolet. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 17. juni 2020 14:28

Vinmonopolet på Os er eitt av få utsal som har omtrent like god omsetnad om sommaren som til jul.

På denne tida vert det ekstra synleg at Os dreg nytte av å ligga ved kysten.

– Dette er jo ein av dei travlaste periodane, og vi merker jo sjølvsagt pågangen frå hyttefolk og båtturisme, seier butikksjef på Os, Ragnhild Skaathun Blindheim.

Der raudvinsdunken var den mest populære kring påsketider, har det no blitt ei markant endring i handlemønsteret til dei lokale.

– No går det mykje i kvitvin, rosévin og sjølvsagt ein del musserande. Dette har vi sett ei tydeleg auke på no dei siste vekene. Det går fortsatt mykje kartongvin, den vil alltid vera praktisk å ha, men det er tydeleg auke i salet av flasker.

Korona-auke og travel pinse

Årets pinse gjekk inn i historiebøkene som ein av dei varmaste og flottaste på mange år. Den flotte pinsehelga fekk stor påverknad på dei som var på jobb på vinmonopolet.

– Det vart ein av dei absolutt travlaste helgene eg har opplevd, vi sprang rundt som om vi var gal, humrar Blindheim.

Det har òg vore ein spesiell vår for dei fleste grunna korona, og dette har spesielt gitt utslag for vinmonopolet.

– Det viser seg at totalen ikkje har vore noko særleg større i forhold til inntak, men ettersom folk ikkje har kunna nytta seg av restauranter og uteliv i store periodar, så har dei handla sjølv og vore heime. Det har sjølvsagt sørgja for auka omsetnad her hos oss, seier Blindheim.

Jula, påsken og sommaren er dei travlaste periodane, men det er i tillegg éin månad i løpet av året som skal seg spesielt ut frå dei andre.

– Mai er ein veldig god månad, då er det fleire fridagar og sola tittar oftare fram.

Køsystem og sprit

Dei fleste som har tatt seg en tur på vinmonopolet dei siste vekene, har nok merka det nye køsystemet. Ein vakt som passar på at folk held avstand, at passeleg mange er inne i butikken og at alle kundane blir spraya med sprit på nevene før dei slepp inn.

– Dette er noko vinmonopolet har valt å halda med, ettersom kravet til ein meter avstand fortsatt er gjeldande. Vi må sjølv ta utgiftene til dette, men det går heilt fint, det viktigaste er at kundane våre og det generelle smittevernet blir godt ivaretatt, avsluttar Blindheim.

Bestseljarane i juni - Vinmonopolet på Os:

  1. Albino Armani Prosecco (musserande)
  2. Valdobbiadene Prosecco (musserande)
  3. Ioppa Colline Novaresi Nebbiolo (rosévin)
  4. Falling Feather Ruby Cabernet (raudvin)
  5. Laroche Chardonnay L (kvitvin)
  6. Delorme Crèmant de Bourgogne (musserande)
  7. Dr Loosen Riesling (kvitvin)
  8. Dom. Montrose (rosévin)
  9. Marquès de Novmbreville (raudvin)
  10. Müstique Riesling Kabinett (kvitvin)
  11. Wongraven Morgenstern Riesling (kvitvin)
  12. Pietro de Campo Barbera (raudvin)
  13. Concha y Toro Chardonnay (kvitvin)
  14. Beringer Zinfandel (rosévin)
  15. Tommasi Graticcio (raudvin)
  16. Moselland Ars Vitis (kvitvin)
  17. Langmann Schilcher Frizzante (rosévin)
  18. Sprintoso Moscato (musserande)
  19. Escada Touriga Nacional (raudvin)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.