Samferdsle | 03. juni 2022

Pinsekø til Moberg

– Det kan sjå ut som om vi er over toppen.

Pinsekø til Moberg
Halhjemsvegen klokka 18.40 i dag. (Foto: Nicholas F. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juni 2022 16:43

Handballfestival på Stord og langhelg i vente gjorde at Vegtrafikksentralen venta køar på E39 Halhjemsvegen i dag.

Køen blei som før pandemien, og strekk seg i skrivande stund til under brua ved brannstasjonen og politistasjonen på Moberg.

– Trafikken har gått sakte mot ferjekaien og vidare, men utan uhell. Det har ikkje vore sendt ut politi på dirigering, og deg kan sjå ut som om vi er over toppen no, seier vakthavande ved VTS.

– Det har vore noko kø andre stadar òg, blant anna mot Nordhordland, men der har det løyst seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.