Samferdsle | 03. juni 2022

I dag kan det bli lang kø på Halhjemsvegen

Kjem med to åtvaringar for helgetrafikken.

I 2017 gjekk ferjekøen heilt til Moberg. (
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juni 2022 06:16

I dag går vi inn i ei langhelg, og med overstått pandemi er det også tid for Handballfestivalen på Stord igjen.

Fleire lag frå Os og bergensområdet skal med ferje frå Halhjem til Sandvikvåg i ettermiddag, noko som i pinsehelgene før 2020 skapte lange køar.

Dei som skal med ferja reknar nok med denne køen. For dei som bur på Søre Neset, og berre skal heim, kan det kanskje koma overraskande på.

– På utfartsdagar som pinse, saman med effekten av populære arrangement, er det ikkje til å unngå at det blir kø. Men det kan vera greit å minna trafikantane på at dette er ein dag folk bør visa ekstra tolmod, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

Tidlegare år har reisande til Tysnes, som «ufortent» blir ståande i same kø som handballspelarar på veg til Stord, blitt anbefalt å heller reisa om Fusa.

Dei som bur på Søre Neset kan kanskje ta middagen på Os, besøka venar og reisa heim i kveld.

Det er påmeldt 384 lag til Handballfestivalen.

Bergen-Voss laurdag

Bergen Cykleklubb har sendt ut melding om sykkelrittet Bergen-Voss, som laurdag 4. juni blir arrangert for 46. gong.

Det blir gjennomført fleire tiltak for å auka tryggleiken til både deltakarane og andre trafikantar.

– Mest omfattande er éinvegskøyringa av Fv7 over Kvamskogen i perioden 08.00-11.30.

– Trafikk frå Kvam til Samnanger vil gå som normalt, men trafikk frå Samanger mot Kvam vil måtta bruke alternative ruter om Eikelandsosen/Mundheim eller Vaksdal/Dale. Politiet regulerer trafikken ved Frølandsvannet, opplyser dagleg leiar i Bergen Cykleklubb og Bergen-Voss, Nils Olaf Solberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.