Politi | 26. nov. 2023

Pipebrann og promillekontroll

Ei roleg helg for politi og brannvesen.

Pipebrann og promillekontroll
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. nov. 2023 08:02

Julebordsesongen er i gang, men folk ser ut til å oppføra seg på ein stødig måte.

Politiet i Os har så lang denne helga få notat i loggen.

– Det er lite å melda, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Trass snø, is og glatte vegar og fortau, har det òg vore stille i trafikken.

Natt til laurdag frå klokka 01 til 02, heldt dei promillekontroll i Mobergsbakken.

– 46 bilførarar blei kontrollert utan at vi fann noko å reagera på.

Brannvesenet hadde ei utrykning laurdag kveld.

Klokka 22,17 opplyste 110-sentralen om pipebrann i Skorvatjørno.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.