Lokal | 19. aug. 2011

Planen kan bli klar i haust

Mange brikker kom på plass då Terje Søviknes onsdag hadde eit 7 timar langt areal-møte med Lars Sponheim.

Planen kan bli klar i haust
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. aug. 2011 07:17

Onsdag var fleire representantar frå Os kommune i eit langt drøftingsmøte med fylkesmann Lars Sponheim med mannskap.

– Det blei eit veldig produktivt og oppklarande møte, eit flott initiativ av Sponheim og eit stort og viktig steg vidare for denne omfattande prosessen, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

Ferdig før kommunestyreskiftet?

– Vi har jobba med arealdelen av kommuneplanen for 2011-2022 sidan 2004, og hadde håpa på å bli ferdig i førre kommunestyreperiode. Men det har blitt ein lang og tung prosess, med mange motsegn, dei fleste frå fylkesmannen.

Medan kommunen har jobba med å svara på motsegn og tilfredsstilla krav har det blitt vedtatt nye krav, blant anna til konsekvensutgreiing og dokumentasjon.

– Det har vore eit tydeleg mål å fullføra planen før nytt kommunestyre skal setjast etter valet. Vi sparer mykje tid og ressursar om vi får kontinuitet i dette når vi no er nesten i boks, og får planen gjennom i inneverande periode, seier Søviknes.

Valet er 12. september. Nytt kommunestyre skal setjast 25. oktober. Siste kommunestyremøte med sitjande styre er 19. oktober.

Folkevekst, utbygging og strandsone

Utanom dokumentasjon og konsekvensutgreiing har volum vore eit tema for nokre av motsegnene.

– I denne planen legg vi til rette for ei vekst på 4000 til 7000 innbyggarar. Det vi kan slå fast etter møtet er at vi kjem i mål med all generell dokumentasjon. Vi har også kome langt med detaljar i utbyggingsområde.

Les òg:
I kø for å koma til Os
(Passerer 18.000 innbyggarar i 2012)

I planen blir Søfteland, Nore Neset og Søre Neset sett på som område som tåler meir bygging, i tillegg kjem nye bustadfelt på Bjånes og i Lysefjorden ved Endelausemarka.

– Kva med strandsonen, hytter, naust og bustadar nær sjøen?

– Det er nesten ingen nye hyttefelt ved sjø i planen, eit lite på Drange og noko på Forstrønen. Når det gjeld naust så opnar dei nye retningslinjene for fortetting i eksisterande naustmiljø, så også her kjem det nokre, men ikkje mange.

Kom mange steg vidare

Søviknes gjev ros til Sponheim for at han tok kontakt og inviterte administrasjon og politikarar ned til seg for gjennomgang og oppklaring på fleire punkt.

– I vår var planen ute på siste høyringsrunde, denne til regionale, offentlege instansar. No fekk vi gått nøye gjennom planen og dei punkta Sponheim og hans folk hadde notert seg.

Frå Os kommune stilte ordføraren saman med varaordførar Marie Lunde Bruarøy, leiar for plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus, Nordald Skåtøy frå opposisjonen og plansjef Asle Andås og fagleiar Torbjørn Steffensen frå administrasjonen.

– Vi kom mange steg vidare ved å sitja saman på denne måten, ved å gå gjennom punkta før vi held fram med å senda brev til kvarandre.

Det formelle brevet frå Sponheim er venta å koma no i august sånn at siste politiske handsaming av planen kan bli tatt i september og oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.