Lokal | 23. mars 2012

Planlegg yrkes- og utdanningsmesse

Os kommune håper Os Lions blir med på å arrangera yrkes- og utdanningsmesse for ungdom i Bjørnefjordregionen om halvanna år.

Planlegg yrkes- og utdanningsmesse
Arne Skogedal, Os kommune og Kjell Aarrebakke, Os Lions håpar å få til ei yrkes- og utdanningsmesse for heile Bjørnefjordsregionen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. mars 2012 11:43

På eit frukostmøte med næringslivet i Os presenterte Arne Skogedal frå Os kommune ideen om ei felles yrkes- og utdanningsmesse for dei fem kommunane i Bjørnefjordsregionen i november 2013.

- Vi ønskjer å gje ungdommen eit best mogleg utgangspunkt for å ta sine yrkes- og utdanningsval.

- Ønsket er å laga ei messe som gjev ungdommane innsikt i kva moglegheitar som finnest i regionen både i forhold til linjeval i vidaregåande utdanning og jobb i regionen etter endt utdanning.

- For å klara dette er vi avhengig av eit nært og godt samarbeid med dykk, fortalde Skogedal til dei vel 100 næringslivsrepresentantane i salen.

Initiativet kjem frå Os kommune, men dei ønskjer ikkje at dette berre skal bli ei messe for osingar, men for ungdom, foreldre og firma i alle dei fem kommunane Os, Fusa, Tysnes, Austevoll og Samnanger.

- Vi har hatt eit forprosjekt kor mellom anna Os Lions har vore med, men vi ser at vi må få ei sterkare medverknad frå næringslivet og ikkje minst ungdomen sjølv i vegen vidare.

Kvart år i november

Håpet er at messa skal bli eit årleg arrangement i november kvart år. For å få med også foreldra på messa ser Skogedal for seg eit todagarsarrangement både på dag- og kveldstid. Dei håper på ei variert messe med 40-80 utstillarar, eigne temautstillingar, seminar, etableringsstipend og kulturinnslag.

- Målgruppa er elevar på 9. og 10. trinnet i ungdomsskulen, særleg med vekt på avgangselevane.

- I tillegg er elevane i alle dei tre trinna på den vidaregåande skulen viktige å få med, fortalde Skogedal.

Os Lions som motor?

Os Lions har vore aktivt med i forprosjektet og har no oppe til vurdering om dei skal bli ein sterkare bidragsytar med å ta ei leiande rolle i planlegginga og gjennomføringa av messa.

- VI synes dette er eit veldig interessant tiltak og vil nytta våren/forsommaren til å vurdera og diskutera korleis vi kan bidra.

- Ungdom er ei veldig viktig gruppe for Lions, anten det er rusforebyggjande eller som her i forhold til utdanning, fortalte Kjell Aarrebakke, leiar i Os Lions.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.