Lokal | 09. mars 2021

Politiet blir plukka av veggen

Siste rest etter flytting frå største ledige lokale i Irisgården.

Politiet blir plukka av veggen
Ein mann «heng» i dag på veggen på Irisgården. I ærleg ærend. (Foto: Kjetil Vasby Buarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mars 2021 09:51

Torsdag 14. januar var første dag for Bjørnafjorden lensmannskontor i nytt lokale på Moberg. Politiet, eller «Politi», som det heiter på Moberg, viste oss rundt i bygget dagen etter.

Måndag 25. januar opna publikumsmottaket. Nye passautomatar er på plass, men framleis ikkje i drift.

På Irisgården i Hamnevegen har skiltet hengt sidan flytting frå Os Eldresenter i 2001, men i dag heng ein mann på vestveggen med verktøy.

Utan purring

Tilskodarar kunne kanskje tru at nokon var på jakt etter nokre beslaglagte restar etter førre leigetakar, men det var berre ein tidlegare nattklubbeigar som plukka politiet frå kvarandre.

Tore André Sagstad, som tidlegare var leigetakar med bowling og pianobar, har vedlikehald på bygget via firmaet 7 Fjell Eiendomsservice.

– Er det etter pålegg frå politiet, at det har kome reaksjonar på at det har blitt hengande nokre veker etter flytting?

– Neida, det er det ikkje, folk har nok fått med seg at dei flytta. Men vi tar demonteringa i samband med at vi har fleire oppdrag med lift i dag, så då passa det godt å stå her i solskinet, seier Sagstad.

Vi prøvde å bestilla litt Scrabble, utan liknande «suksess» som mannen som nesten fekk avskilta bilen sin i Stavanger i 2007.

Sagstad og 7 Fjell Eiendomsservice er i høgda fleire stadar i dag. (Foto: KVB)
Sagstad og 7 Fjell Eiendomsservice er i høgda fleire stadar i dag. (Foto: KVB)

820 ledige kvadratmeter

Politiet leiger no 1.500 av det 2.200 kvadratmeter store nybygget kommunen eig på Moberg.

Dei flytta frå 520 + 100 kvadratmeter i 3. etasje i Irisigården, og to garasjar og lager i 2. etasje, som utgjer totalt 200 kvadratmeter.

Irisgården AS, som nyleg fekk leigetakar i Solsiden-lokalet i 1. etasje, førebur seg no på å leiga ut det tidlegare lensmannskontoret til andre.

– Vi har utarbeid eit prospekt på dei ledige lokala, og skal snart annonsera desse. Men vi har allereie interessentar både i 1. og 3. etasje, seier dagleg leiar i Irisgården AS, Christian Tellefsen.

Han er overraska over kor lite slitasje det har vore på lokalet i løpet av desse nesten 20 åra.

Nybona golv på det tidlegare lensmannskontoret på hjørnet. (Foto: Irisgården AS/Elisabeth Svensvik)
Nybona golv på det tidlegare lensmannskontoret på hjørnet. (Foto: Irisgården AS/Elisabeth Svensvik)

– Publikumsmottaket politiet hadde, ser vi for oss å opna opp. Ventecellene kan bli del av ei kantine.

– Elles ser vi for oss å halda dei 100 kvadratmeterane som politiet utvida med for seg sjølv, med mindre ny leigetakar ønskjer alle 620 kvadratmeterane.

Fleire av kontora har utsikt over hamna, andre har utsikt over elva i nord.

Tellefsen førebur seg no på å ta imot nye leigetakarar i det tidlegare lensmannskontoret. (Foto: KVB)
Tellefsen førebur seg no på å ta imot nye leigetakarar i det tidlegare lensmannskontoret. (Foto: KVB)

Om Irisgården

Irisgården AS er næringsseksjonen i Hamnevegen 48. Næringsseksjonen utgjer 1. til 3. etasje og er på totalt 6.792 kvadratmeter med tilhøyrande parkeringsareal rundt bygget, på parkeringsdekke og i garasje.

Næringsarealet er fordelt på cirka 20 leigetakarar, frå 20 kvadratmeter til over 1200 kvadratmeter, i hovudsak innan handel, helse og kontor.

Irisfabrikken blei bygd i 1952 og dreiv med tekstilproduksjon frem til1990-talet. Bygget blei bygd om i perioden 2000 til 2007 og består i dag av næringsareal i 1. til 3. etasje og private leilegheiter i 4. etasje.

Irisgården i august 2001, før det kom leilegheiter på taket og på fyllinga ut mot Steinneset. (Foto: Kjeil Vasby Bruarøy)
Irisgården i august 2001, før det kom leilegheiter på taket og på fyllinga ut mot Steinneset. (Foto: Kjeil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.