Politiet kolliderte på veg til båtulykke
Person i begge bilane flydd til Haukeland i helikopter.

Ein båt som køyrde på land utanfor Godøysund utløyste ein stor redningsaksjon søndag kveld.
– Vi fekk melding om båtulykka klokka 21.10. Samtlege nødetatar blei sendt til staden, sa operasjonsleiar Ole Ronny Olsen søndag kveld.
I samband med utrykkinga kolliderte ein politibil med ein personbil. Det var éin person i kvar bil. Begge var bevisste etter ulykka, men blei frakta til Haukeland med helikopter.
– Det var store skadar på begge køyretøya, og vegen blei stengt. Spesialenheten for politisaker er varsla om hendinga.
I båten som gjekk på land var det også berre éin person. Vedkomande, ein mann i 20-åra, er ikkje frå Os, stadfestar Bjørnafjorden lensmannskontor.
Han blei undersøkt av helsepersonell på staden og køyrd til Stord sjukehus for nærmare undersøking.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.