Scene | 21. mars 2023

Populær revy stiller på premiere med heilt ny «boy»

– Vi har jakta på han i ti år, seier Susan Askvik frå Nor og Ne om Morten Thuen Bjørke.

TAR HAN LAKSEN FRAM? Det kjekke boybandet frå Bømlo har fått nytt medlem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Prohd.no/Ole Vidar Søviknes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. mars 2023 13:23

Revygruppa Nor og Ne er klar med sin 14. revy i Symrasalen i Nore Neset Aktivitetshus.

Førstkomande laurdag er det premiere, neste helg er det framsyning både fredagen og laurdagen.

– Premieren var utselt allereie førre veke, det er tidlegare enn normalt. Også neste laurdag blir det nok fullt, og vi har allereie selt 110 billettar til fredagen, fortel Susan Askvik frå revygruppa.

Årets casting har også gått fint, sjølv om musikar Espen Bakketeig er opptatt, og må ta eit friår.

Bjørn Stian Bjoarvik har steppa inn som vikar i år, og han er imponerande dyktig! synest Susan.

Bjoarvik gjorde i fjor sommar comeback med tributebandet Red Hot Cherry Poppers:

Les ògDebut, comeback og to jubileum under Baronsfestivalen

Også blant skodespelarane blir det eit nytt ansikt å sjå.

– Vi har jakta på Morten Thuen Bjørke i ti år. Han har vore opptatt med både jobb og familieliv, men i år la vi ekstra press på han, og han takka heldigvis ja!

– Morten har sikkert sett alle revyane, og han plar koma bak scenen etter show og gi tilbakemeldingar og ros.

– Det er ein fryd å ha han med! Ikkje berre er han flink å synga, han kjem med mange idear og er kjekk å vera med.

Tittelen på årets revy er «Straumknisen».

– De skal gjera narr av folk som har det vanskeleg?

– Ja. Det er den raude tråden. Vi vurderte å bygga vidare på Muppet Show-ramma frå i fjor, men såg at dette med straumprisen gjekk igjen i ein del sketsjar, så då passa den best.

– Eg er sjølv blant dei som får gjennomgå mest, det har vore eit pes etter at vi kjøpte den der bilen, fortel Susan om Hongqi-en.

I relaterte saker under finn du videoar og bildeseriar frå tidlegare revyar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.