Sport | 20. juni 2025

Presidenten møtte på sesongavsluttinga til Os Basket

Jan Hendrik Parmann delte ut premiar til unge spelarar og opprykkslag.

Presidenten møtte på sesongavsluttinga til Os Basket
President Parmann hadde mange premiar å dela ut til den veksande klubben. Foto: privat / Os Basketballklubb
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. juni 2025 09:03

Basketballsesongen 2024-2025 er over. Fredag for ei veke sidan var spelarar, trenarar, lagleiarar og foreldre samla for å feira klubben sin gode sesong – og ønska kvarandre god sommar.

– På desse avsluttingsfestane så er det spelarane og trenarane som er heidersgjestar. Det er dei som er klubben, seier formann Andrew El Ghafary.

Denne kvelden var det likevel ein annan person å dela heidersgjest-tittelen med.

Presidenten i Norges Basketballforbund, Jan Hendrik Parmann, tok turen til Os idrettspark for å delta i feiringa.

Presidenteni prat med unge og vaksne spelarar. Foto: privat / Os Basketballklubb

Det var både servering og konkurransar på avsluttingsfesten. Eitt av høgdepunkta var premieutdelinga.

– Vi set pris på spelarane våre. Denne kvelden vanka det belønning til både alle Easy Basket-spelarane, altså dei yngste, og til dei som har selt flest lodd for klubben.

– Naturlegvis var det òg premiar til dyktige ungdomar, både U15 og U16 hamna på øvre halvdel av sine tabellar – og til seniorlaget vårt, som rykte opp for andre år på rad.

Os Basketballklubb sitt herrelag skal spela i 3. divisjon frå hausten. I haust er også det nye senior kvinner-laget i gang med serie.

Bildeserie:

Sesongavslutting med premieutdeling. Foto: privat / Os Basketballklubb

1 av 7

– Å delta på fest med Os Basketballklubb inkluderer mykje aktivitet, lyd og god mat. På banen var det eit yrande liv med aktivitetar og konkurransar med og utan ball.

Men det var òg tid til prat og mat.

– Vi er heldige som har så aktive og hjelpsame foreldre i klubben. Mat står sentralt, og foreldre hadde laga all maten. Eg trur ingen gjekk svolten heim frå avsluttinga, seier Andrew.

Kvelden blei avslutta med den tradisjonsrike kampen mellom spelarar og foreldre.

– For foreldra sin del er det sikkert greit at vi ikkje går ut med resultatet, men kampen var god underhalding og både kne og lårhals var intakt hos alle etter kamp.

Bildeserie:

Engasjerte foreldre, på og av banen. Foto: privat / Os Basketballklubb

1 av 4

No er det snart sommarferie, men det gjenstår enno litt aktivitet.

Tysdag får dei eldste spelarane besøk av Fyllingen Lions-spelaren Niko Skouen igjen.

– Resten av veka er det tre dagar med basketmoro for Easy Basket-spelarane, fortel Ghafary.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.