Prisen har auka - Os kommune vurderer å gå inn med 5 nye millionar
Hegglandsdalsvegen: Held ekstra formannskapsmøte i kveld.
Nye kalkylar frå Statens vegvesen syner at ny bru over Valla-elva langsmed Fv 137, Hegglandsdalsvegen vert 10 millionar kroner dyrare enn tidlegare kalkulert.
Den nye brua, med gang-og sykkelsti er ein del av den planlagde opprustinga på strekninga Hauge - Valle-brua.
Fylkeskommunen tilrår ei billegare løysing
Den nye vegen er planlagd med følgjande finansieringsmodell:
• Totalkostnad – 36 mill.
• Os kommune - 5 mill ( tidlegare tilskot )
• Hordaland fylkeskommune – 13 mill.
• Søknad tilskuddsordning om statlige sykkelmidler - 18 mill
Per dags dato er kostnadskalkylen 41 mill kroner.
I ein e-post til Os kommune (det står 27.03 som dato i sakspapira, vi reknar med at det er ein tastefeil), skriv Hordaland fylkeskommune (HFK) at dei meiner skal vera mogleg å halda seg innanfor den tidlegare kostnadsramma på 36 millionar kroner for heile prosjektet. Dette skal løysast med å bygga ei seperat gang- og sykkelbru på sida av eksisterande veg. HFK skriv vidare at dei har allereie har strekt seg langt i saka, og at det i tillegg er andre store behov i Os. HFK vil ikkje motsetja seg at Os kommune går inn med yttarlegare 5 millionar kroner for å finansiera ei kombinert bru med plass til både bilar og dei mjuke trafikantane
Vil sikra Borgafjell barneskule
I kveld skal formannskapet ta stilling til om dei skal tilrå kommunestyret å løyva yttarlegare 5 millionar. Dette i tillegg til dei 5 millionane som allereie er løyvd frå kommunestyret.
I framlegget til saka er ei tenleg tilkomst for den nye skulen på Hjelle, Borgafjell barneskule, framhevd som grunnlag for ekstraløyvinga. Administrasjonen tilrår at midlane vert å henta frå overskot på drifterekneskapen for 2018.
HFK si løysing er ikkje vegen å gå
Ordførar Terje Søviknes sit oppteken i fylkestinget i dag, men i ei tekstmelding skriv han til Midtsiden:
– Fylkeskommunen sitt forslag om å bygga ein enklare, seperat gang- og sykkelveg over Valla-elva vil vera ei dårleg løysing. Då måtte vi ha brukt den gamle køyrevegen med krappe svingar. Dette ville ikkje ha tent den vidare utviklinga av Hjelle-området (med barnehage og etterkvart ny skule) og Hegglandsdalen med nye næringsareal og vidare bustadbygging. I tillegg er denne vegen ein del av fastlandsforbindelsen vi i dag har til Fusa via Samnanger.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.