Næringsliv | 26. jan. 2019

Prishopp på bustadar i Strøno

På éin månad er det selt fleire hus i Strøno enn i heile 2017.

Prishopp på bustadar i Strøno
Eigedomsmeklarane Arild Vikøyr og Heidi Kleppe Fugleberg er blant dei som opplever stor interesse for å bu i Strøno. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. jan. 2019 08:23

I snitt har det blitt selt under 5 bustadar i året i Strøno dei fire åra frå 2015 til 2018. Bådei 2015 og 2017 blei det berre selt 3 hus. No er det, frå desember til januar, allereie selt 4 hus.

– Eg har venta på det. Vi har sett det same skje i Hegglandsdalen, der det knapt var marknad blei det selt fleire titals nye hus på eit par år. Sentrum og sentrale delar av krinsane veks først, så kjem ei auka interesse for områda rundt. Nokre vil ha meir for pengane, nokre vil bu i fredlegare omgjevnadar, seier Arild Vikøyr frå Privatmegleren.

Med snittpris på nesten 6 mill

Privatmegleren har selt tre av dei fire husa i Strøno den siste månaden, til ein samla sum på 16,9 millionar kroner.

– Før jul selte vi to delar av ein tomannsbustad i Sørstrøno. Vi trudde det skulle bli tungt å selja den til prisantyding, som var 6,9 millionar, men så blei det bodrunde, fortel Heidi Kleppe Fugleberg.

Dei to neste bustadane er kva sin halvdel av ein ny tomannsbustad. Den første blei kjøpt for 4.550.000 kroner etter direkteavtale med seljar, 50.000 over prisantyding, i førre veke. I går gjekk den andre etter bodrunde for 4,7 millionar kroner.

– Det var mange som meldte si interesse og det gjekk fort. Interessentane er i ulike aldrar, frå Os og utanfrå, kjøparane var par i 30-åra som hadde selt førstegangsheimen sin og no venta på det rette. Nybugg med kvalitetar, nærleik til skule, god utsikt og mykje kveldssol i Nordstrøno blei viktige faktorar.

Nybygg skaper vekst i bruktmarknaden

Med unntak av ein bustad i Sveingard, prisa ned frå 5,9 til salspris 4,3 millionar, har dei fire ferskaste sala i Strøno hatt bodrunde eller gått over prisantyding med direkteavtale med seljar.

– Regelen om at aktivitet skaper aktivitet gjeld nok i eigedomsmarknaden òg. Det har nyleg vore selt tomter og nye tomannsbustadar i Skipavika. Når nokon lykkast med eit prosjekt eller tomtefelt ser det ut til å auka interessa og verdien på bustadane som ligg i same område, fortel Vikøyr.

– Sånn var det i Hegglandsdalen òg. Dei som kjøpte for 2,5 millionar i starten på prosjektet tre år seinare kunne selja for 3,1 millionar kroner.

Bygger og sel 20 hus i året

Utbyggarane Ask og Skjeie AS har vore svært produktive dei siste åra, og bygd og selt 15-20 bustadeiningar i året. I Hegglandsdalen blei det rundt 30, i Strøno fekk dei i fjor bygd og selt fire einingar fordelt på to tomannsbustadar.

– Det var ikkje sånn at alt blei selt med éin gong, men vi blei i positivt overraska over interessa, og kunne sikkert selt fleire, for det var stor interesse også etter at vi var utseld, seier Frode Ask.

– Korleis har de klart å halda dette tempoet?

– Vi er ein samkøyrd gjeng. Frå vi starta i 2003 til i dag så har vi omtrent konsekvent brukt dei same underleverandørane. Vi kjenner kvarandre og jobbar effektivt saman. Alle våre tilsette er dessutan frå Os.

Selskapet vaks frå 10,5 til 32,8 millionar i omsetnad frå 2013 til 2014. I 2015 passerte dei 40 millionar, i fjor landa omsetnaden på rundt 50 millionar kroner. Sjølv om dei har gjort suksess i utkantane av kommunen, blir eit av dei neste prosjekta nær Os sentrum.

Landa på 72.000 kroner per kvadratmeter

Det er ikkje berre Strøno som sel godt om dagen.

– Etter ein roleg desember og start på januar, livna marknaden voldsomt til liv i midten av januar. Kanskje ei veke tidlegare enn normalt, fortel Vikøyr.

• Oppsummering: Sånn var eigedomsmarknaden i Os i 2018

Privatmegleren selte 8 av dei 10 dyraste brukte eigedomane som blei omsett i Os i 2018.

– I førre veke gjekk ein leilegheit i Solstrandvegen over éin million over prisantyding. Bodrunde sendte prisen frå 4.950.000 til 6,1 millionar, noko som tilsvarar 72.000 per kavdratmeter.
Samtidig gjekk naboleilegheita frå 6.390.000 opp til 7 mill før den blei selt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.