Næringsliv | 27. feb. 2014

Priskrig på Os

Bensinselskapa dumpar drivstoffprisane. – Nett no ligg vi 2,24 under normalpris, fortel Sonja Tveit på Best.

Priskrig på Os
Låge prisar på Os torsdag morgon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. feb. 2014 09:27

Dei siste dagane har det vore lønsamt å fylla drivstoff på Os. Sundag var prisane låge og i dag, torsdag formiddag, er det nye bunn-noteringar på salsplakatene til bensinstasjonane i sentrum.

Då Midtsiden tok ein runde i halv ti-tida låg prisane frå 12,06 til 12,27 på diesel og 13,06 til 13,27 på bensin.

– Ja det er priskrig, stadfestar Sonja Tveit på Best-stasjonen i Byvegen.

– Eg veit ikkje heilt kven av oss som starta den denne gong, men vi må berre henga med.

– Det er selskapa sentralt som styrer kva pris vi til ei kvar tid skal ta på pumpene, fortel Tveit.

Snart over?

I tillegg til dei oppgjevne prisene kan det vera ytterlegare rabatt å hente om ein har rabattavtale med selskapa.

– Registerer du bankkortet ditt på Statoil Ekstra får du 20 øre ekstra i rabatt både hos oss og Statoil, avsluttar Tveit.

Kor lenge priskrigen vil halda fram er uvisst.

Men ser ein litt på mønsteret i prissettinga på drivstoff hos dei lokale stasjonane har det vore ein tradisjon å setja opp prisane måndag og torsdag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.