Kultur | 13. juni 2023

Prisutdeling og festival på AMFI Os

Har tett program og fire nominerte.

Prisutdeling og festival på AMFI Os
AMFI Os lager fest inne og ute frå torsdag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 13. juni 2023 10:54

På slutten av neste veke er det Marknadsdagane i Os sentrum, denne veka, frå torsdag til laurdag, er det både Barnas Dager og Food Truck Festival på AMFI Os.

15 matvogner stiller seg opp utanfor Amfisenteret torsdag.

Innandørs er det blant anna ansiktsmaling, elektriske ridedyr og bamseverkstad.

– Laurdag skal vi også dela ut Amfelia- og Oskar-prisen, fortel ny senterleiar, Kenneth Smørdal.

Med prisen vil senteret setja pris på frivillig lagsliv i Osbygda.

Dei nominerte i år er:

  • Nore Neset Skulekorps
  • Os MC & MX Klubb
  • Natteravnene & MC-ravnene Bjørnafjorden
  • Trivselsstallen Lysefjorden

I fjor gjekk prisen til danselærar og eldsjel Patricia Langeland, året før var det Nore Neset il som fekk prisen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.