Lokal | 15. aug. 2019

Prognose: Sp opp og Frp ned

Val 2019: Poll of polls bryter ned ulike målingar og gir førebels desse prognosane for valet i Bjørnafjorden kommune.

Prognose: Sp opp og Frp ned
Harald Lekven (Sp) og Terje Søviknes (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. aug. 2019 09:05

Det er fleire atterhald å ta (sjå nedst i artikkelen), men dette er førebels einaste peikepinn Midtsiden kjenner til før kommunestyre- og fylkestingvalet måndag 9. september.

OPPDATERT: Sjekk resultat av måling publisert 15. august

Poll of polls bryter ned nasjonale meiningsmålingar som blir tatt i samband med valet, og lager prognose for kvar kommune - om resultatet blir som resten av landet.

• Bjørnafjorden kommune på pollofpolls.no

I bildeserien over ser du prognose frå måndag og i dag. Måndag var siste publiserte nasjonale måling TNS for TV2 same dag, no er pollofpolls.no oppdatert med Norstat for NRK/Aftenposten sine resultat dagen etter.

Det er også eit anna stor «men». I førebels prognose ligg «andre parti» an til å få 3 mandat. Fleire av desse kan vera FMB (bompengemotstandarane), som ikkje har liste i Bjørnafjorden.

Prognosen er dessutan utan data frå dagens publiserte måling i BA.

Nokre tal frå ferskaste prognose (K-snitt august):
• Frp går ned frå 14 til 10 mandat, Høgre held på sine 4, men saman mister dei fleirtalet i kommunestyret (som dei har hatt sidan 1999)
• MDG aukar frå 2 til 3 mandat, Sp aukar frå 3 til 5 og KrF held seg på 2
• Ap går ned frå 7 til 6, SV gjer comeback i kommunestyret og får inn 1

* Alle samanlikningane er med dagens kommunestyre i Os, ikkje Fusa, der Sp og Ap var største parti ved førre val.

– Førebudd på at det blir ein tøff kamp

Terje Søviknes (Frp) seier prognosane er i tråd med inntrykket han har frå før.

– Eg har fått indikasjonar på at vi må mobilisera så godt vi kan. Målet vårt er å visa til flest mogleg at suksessoppskrifta vi har brukt i Os vil fungera for heile Bjørnafjorden kommune, seier han.

– Har Frp køyrd eigne, interne målingar i Os og Fusa?

– Nei. Men eg har fått hint om resultatet i førebels ikkje publiserte målingar gjennomført for andre media.

– Håper vi held momentet oppe

Senterpartiet, som hadde 27,2 prosent av stemmene i Fusa i 2015, mot 4,3 prosent i Os, ligg ifølgje prognosane an til å landa på oppunder 14 prosent i Bjørnafjorden kommune.

– Vi opplever auka oppslutnad også nasjonalt, eg får håpa at trenden held seg heilt til valdagen, seier ordførarkandidat Harald Lekven.

– Eg ser òg at det ifølgje ein fersk analyse er Senterpartiet har ei solid kjerne, at kjerneveljarane våre er dei mest lojale.

Til samanlikning - valgresultata i 2015

Fusa kommunestyre har 21 medlemmer:
Frp: 2 (246 stemmmer/12,6 %)
Høgre: 3 (293 stemmer/15 %)
KrF: 2 (190 stemmer/9,7 %)
Venstre: 1 (93 stemmer/4,8 %)
Sp: 6 (531 stemmer/27,2 %)
Ap: 6 (499 stemmer/25,6 %)
Uavhengig: 1

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 56 stemmer/2,9 %
MDG: 41 stemmer/2,1 %

Valdeltaking 67,3 % (1.962 av 2.915 med stemmerett)

Os kommunestyre har 35 medlemmer:
Frp: 14 (3.731 stemmer/39,5 %)
Høgre: 4 (1.156 stemmer/12,2 %)
KrF: 2 (418 stemmer/4,4 %)
Venstre: 2 (612 stemmer/6,5 %)
Sp: 2 (407 stemmer/4,3 %)
Ap: 7 (1.832 stemmer/19,4 %)
MDG: 2 (486 stemmer/5,1 %)
TvS: 2 (649 stemmer/6,9 %)

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 163 stemmer/1,7 %

Valdeltaking 66,9 % (9.513 av 14.250 med stemmerett)

Poll of polls - atterhald

Poll of polls er ingen prognose, og er heller ingen måling. Det er utelukkende en beregning av et antatt nasjonalt resultat basert på to eller flere partimålinger gitt de stramme forutsetninger som er angitt foran.

Poll of polls er et antatt nasjonalt valgresultat bygget på to eller flere lokale partimålinger.

Forutsetningene er (1) at sist publiserte måling i kommunen eller fylket svarer til valgresultatet i kommunen eller fylket, eventuelt et snitt av to eller flere målinger hvis flere målinger er publisert nært i tid; (2) målingene omregnes til stemmetall, forutsatt at antall godkjente stemmer i kommunen eller fylket ved det forestående valget svarer til antall godkjente stemmer i det foregående referansevalget; og (3) summen av to eller flere målinger omregnes til landstendens, forutsatt at tendensen i de øvrige kommuner og fylker relativt sett svarer til kommunene eller fylkene som er målt.

Ved omregning til stemmetall basert på antall godkjente stemmer i det foregående referansevalget, vil vektingen mellom kommunene og fylkene som er inne i materialet i hovedsak bli korrekt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.