Prøvde å bryta seg ut (!) av Irisgården i natt
Utgangspartiet ved Jysk utsett for omfattande hærverk.
Fredag morgon, litt før klokka 7, kom det melding om hærverk i Irisgården.
– Meldinga kom frå ein som bur i leilegheit i toppetasjen og direkte til vaktmeisterselskapet vårt, seier dagleg leiar i Irisgården AS, Christian Tellefsen.
Tellefsen-familien kjøpte Irisgården på tampen av 2016.
Eit «utbrudd»
Tore André Sagstad, som tidlegare dreiv bowling og utestaden Solsiden i bygget, driv no 7 Fjell Eiendomsservice AS. Irisgården er ein av fire næringsbygg i Os som står på kundelista.
– Det ser ut som om nokon har prøvd å bryta seg ut av bygget, og at vedkomande har vore rabiat, seier Sagstad.
– Ei rekkje med handlekorger er brukt som rambukk til å knusa skyvedøra frå innsida. Vedkomande har dessutan gått laus på fleire brytarar og kontaktar. Det er ganske omfattande skadeverk.
Om det var eit forsøk på å koma seg ut av bygget, så var det mislykka. Det ser ut som om vedkomande har gitt opp, og gått ned ein etasje for å koma seg ut den vanlege utgangen for dei som bur i bygget, i Hamnevegen.
Ber om tips
Hærverket skjedde rett ved Os lensmannskontor sitt garasjeanlegg. Politiet var naturlegvis tidleg på staden.
– Vi har sikra nokre spor, men er òg interessert i tips, om nokon har observasjonar, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Hærverket har skjedd ein gong før klokka 06.30 fredag morgon.
Det er uvisst kor lenge vedkomande har vore i bygget.