Publikum var svoltne på Hungry John
VIDEO: Dag Bergesen Band, Hungry John, nystarta Ada Keita Band - og ei Gina som stupte inn i siste låt, lagde stemning i fullstappa Peppes laurdag kveld.
Bildeserie:
Laurdag arrangerte musikar Steinar Lyssand årets påskeblues på Peppes.
Sjølv er han medlem av Dag Bergesen Band, som heldt den raude tråden gjennom kvelden.
Men påskebluesen hadde både rykande ferske Ada Keita Band å by på, og rutinerte Hungry John, som steppa inn med grov vokal og friskt munnspel etterkvart som det passa han.
Skriv saman med Skorpen
Første band ut var Ada Keita Band. Bandet er berre ein knapp månad gamalt og hadde sin første spelejobb på Madam Felle torsdag.
– Eg og Vegard (Skorpen) har skrive musikk saman i rundt eit år, men det er ført no vi har fått bandet på plass, fortel Ada Keita Hansson.
På Peppes framførte dei låtar frå både Vegard og Ada si blokk, mens også låtar dei har skrive saman.
Bandet består av, forutan Ada og Vegard, Håvard Moberg (bass) og Vegard sin bror Kjetil Skorpen (trommer).
– Dåkkar skal bare vite ka dåkkar har her oppe
Dag Bergesen styrte kvelden og gav ros til både Ada Keita Band og arrangør og bandkamerat Steinar Lyssand, som fekk visa seg fram med gitarsolo etter gitarsolo med dei rutinerte bluesmusikarane Dag og Hunry John.
Dag og Steinar har med seg tvillingbrørne Jan-Åge og Tom-Erik Svendsen på trommer og bass.
Det var billettsal i døra, men den siste billetten blei selt tidleg på kvelden.
På Peppes var det tettpakka med folk og veldig god stemning, på nabobaren Bart blei det plass til å svinga seg.
Midt i siste låt, der det blei jamma godt på både munnspel og gitar, blei Gina Aspenes invitert opp til mikrofonen. Ho drog på med nokre strofar frå Ossongen før kvelden blei runda av.
VIDEO: I videoen over ser du drygt fire minutt av påskebluesen. (Foto/klipp: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.