Sport | 04. sep. 2018

Pustar Sotra i nakken

Fyllingsdalen tapte mot botnlag og Lysekloster klatra til 2. plass med ny braksiger over Vardeneset.

Pustar Sotra i nakken
Monir Benmoussa skåra igjen, her frå heimekampen mot Fana i førre runde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. sep. 2018 08:29

Lysekloster ligg 5 poeng bak Sotra etter at 18. serierunde i 3. divisjon blei spelt i helga.

Fyllingsdalen tapte 1-0 borte for Varegg, samtidig vann Lysekloster 0-5 borte over Vardeneset.

– Kva som skjedde med Fyllingsdalen veit eg ikkje. Så vidt eg kjenner til har ikkje Varegg styrka stallen sin i det siste, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster har heimekamp mot både serieleiar Sotra og tabelltrear Fyllingsdalen seinare i haust.

Lykkast med strategien

Lysekloster vann heile 6-0 heime over Vardeneset i vår, men var spente før laurdagens bortekamp.

– Dei er vanskelege å spela mot. Det ser for meg ut som om dei sjølv har forstått at dei er betre til å kriga fotball enn å spela fotball, og jobbar for å få mange dødballar.

– Vårt fokus var å redusera mengda dødballar på eigen banehalvdel, blant anna ved å jobba hardare på å vinna andreball enn på å klina til i duell på førsteballane. Vi fekk spelet vår veg og gjennomførte ein solid kamp, synest Hetlevik.

Vardeneset - Lysekloster 0-5 (0-2)
Målskårarar, Lysekloster: Thorbald Trætteberg (1-0 i 6. minutt), Monir Benmoussa (2-0 i 44.), Even Vetås (3-0 i 68.) og Kristoffer Østervold (4-0 og 5-0, begge på overtid).
Tropp og kampfakta på fotball.no

Tar imot Brann 2 på søndag

Lysekloster-trenaren er nøgd med nysigneringane frå i sommar, og med å få målskårar Vetås og Truls Hovland i full sving.

– Vetås og Hovland sleit ein del med skade i vår, og er nærmast for nysigneringar å rekna når vi no kan bruka dei frå start.

– Stallen ser bra ut. Denis Ljubovic er sjukmeldt ei veke til etter hjernerystelsen han fekk mot Sogndal 2, og vi har eit par spelarar som er nær karantene, og må passa seg litt. Men vi er godt rusta for den spennande hausten som ventar oss.

Neste kamp for Lysekloster går heime mot Brann 2 på søndag.

Tabell og terminliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.