Lokal | 17. mai 2017
«Pynta» Undino natt til 17.
Fleire dorullar er slengt over skulpturen i rundkøyringa i Os sentrum.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. mai 2017 09:40
Ifølgje operasjonssentralen i Vest politidistrikt har det vore ein 16. mai utan bråk eller tull i Os.
Noko lettare hærverk ser det likevel ut til å ha vore.
Eit bilde Midtsiden fekk tilsendt klokka 6.40 onsdag morgon viser at nokon har «pynta» i rundkøyringa i Os sentrum.
– Russen som tulla seg, skriv innsendar.
Årets hovudprosesjon går ikkje gjennom rundkøyringa i år, men inn Brugata etter først å ha gått opp Finnebrekka og vidare via Lurane.
Vi reknar likevel med at dorullane vil bli prioritert å bli fjerna.