Lokal | 18. aug. 2009

Raid i skjergarden

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. aug. 2009 19:38

- Pass på båten din, og følg med på kva som skjer rundt deg når du er i hamna, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Dei siste dagane har Os lensmannskontor fått melding om 5-6 tilfelle av tjuveri av påhengsmotorar. Dei fleste tjuveria har skjedd mellom 11. og 12. august, og er av motorar med 10 hestekrefter eller mindre.

Motorane er tatt i områda rundt Askvik, Lepsøy og Halhjem.

- Vi håpar nokon har observert noko som kan ha med desse tjuveria å gjera, og at dei vil gje oss tips i saka, seier Sperrevik.

Os lensmannskontor når du på 56 30 39 00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.