Næringsliv | 08. nov. 2010

Råka av innstillinger

Vitaltour på Os blei måndag råka av innstilte fly. No har dei løysinga klar.

Råka av innstillinger
Andris Hamremandag 08. nov. 2010 16:08

Den lokale turoperatøren Vitaltour er inne i si mest hektiske periode med fleire fly i veka til Kypros og Lanzarote frå forskjellige flyplassar rundt i Noreg. Då passa det dårleg at samarbeidspartneren gjennom mange år fann ut at dei måtte legga inn årane.

- Europcypria, som vi har flydd med i mange år, beslutta nettopp å innstille alle fly på grunn av at dei slit med økonomien, fortel administrerande direktør i Vitaltour Göran Nordstrøm.

- Det gav oss ein hektisk dag på kontoret, men no føler eg at vi har kontrollen igjen, seier Nordstrøm.

Flyr som planlagt
Vitaltour har eit fly frå Oslo til Kypros i morgon tysdag, og to fly frå Bergen til Kypros på onsdag. Desse går som planlagt, men til litt andre tider enn opprinneleg plan.

- Vi har leigd inn SAS til å fly frå Oslo og Norwegian til å fly frå Bergen. Det blir litt endring i tidspunkta dei skal fly på då disse flya går frå Noreg til Kypros og heim igjen, fortel Nordstrøm.

Normalt flyr Vitaltour sokalla omvendte flygningar. Altså at flyet startar på Kypros, reiser til Noreg og tek med seg passasjerar ned igjen.

Alle har fått beskjed
For gjestane til Vitaltour betyr endringa at dei som skal til Kypros reiser litt tidlegare enn planlagt, og at dei som skal heim kjem litt seinare heim.

- Det er berre snakk om timar i forskjell frå den opprinnelege tidsplanen, forklarar Nordstrøm.

- Vi har i løpet av dagen vore i kontakt med alle passasjerane og opplyst om dei nye tidene, avsluttar Göran Nordstrøm, administrerande direktør i Vitaltour.

Flya til Lanzarote går som normalt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.