Rask løysing då lastebil stoppa i tunell
Ein halvtime før nordgåande retning blei nattestengt, blei det full stopp i sørgåande hol.


Onsdag klokka 22 til torsdag klokka 05.30 var det planlagt stenging på E39 i Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen i nordgåande (retning frå Os mot Bergen) grunna vedlikehald.
Ein halvtime før blei det varsla stengt i sørgåande retning, mot Os, grunna køyretøy med stans.
– Det er ein lastebil som har stoppa. Brannvesenet har rykt ut, for det var noko røyk frå bilen, sa trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.
Brannvesenet hadde måndag øving på brann i tunell saman med fleire nødetatar.
Oppdraget onsdag kveld såg ikkje ut til å bli omfattande.
Trass røykutvikling frå lastebil var vegen stengt i under ein halvtiume. Rundt klokka 21.50 blei det varsla opning, nokre minutt seinare gjekk bommane opp.
Vegen opna utan reduksjon i fartsgrense. Det sto heller ikkje nokon havarist igjen i tunellen.
Bjørnafjorden brann og redning har ikkje detaljar frå episoden, då det ikkje var dei som rykte ut.
Det er varsla stenging retning frå Os til Bergen også i kveld frå klokka 22 til 05.30 fredag morgon.






