Samferdsle | 12. juli 2025

Tunell blei stengt grunna gåande i 100-sone

Stansa motorsyklar og gåande i vegbanen førte til stenging av Lyshorntunnelen i natt.

Tunell blei stengt grunna gåande i 100-sone
Det var løpet retning sør som blei stengt ein kort periode. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 12. juli 2025 09:19

Klokka 03.27 natt til laurdag varsla Vegtrafikksentralen om stenging av E39 i Lyshorntunnelen retning sør.

Årsaka var stansa motorsyklar og gåande i tunellen.

Det er uvisst for Midtsiden kor mange motorsyklar som stoppa opp og kor mange som spaserte i 100-sona, men allereie klokka 03.36 kunne VTS fortelja at tunellen var open igjen.

Laurdag morgon klokka 07.42 blei Tyssetunnelen på fylkesveg 48 i Samnanger stengt.

Årsaka var at det var 12 sauar på tur inne i tunellen.

Den opna igjen klokka 08.23.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.