Raske rekruttar

Os Roklubb opplever svært god rekruttering, og nykomarane leverte varene allereie i debutstemnet. - Dette lover bra, seier Bård Alfred Monsen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. sep. 2010 23:37

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Sundag arrangerte Os Roklubb stemne for klubbane i Hordaland. Rundt 50 roarar frå til saman fire klubbar deltok i det som i hovudsak var eit stemne for nybyrjarar.

- Vi stilte med 15 deltakarar, 8-10 av dei er rekruttar. Klubben har hatt god rekruttering den siste tida, berre i sommar har vi fått 6-7 nye medlemmar, fortel tidlegare topproar, instruktør Bård Alfred Monsen frå Os Roklubb.

Gode gener
Eit av dei nye talenta i Os Roklubb er Arne Hadler-Olsen. Arne vann både då han var åleine i båten og saman med andre.

- Arne har å slekta på, faren Audun har deltatt i både VM og OL (Seoul 1988), seier Bård, som sjølv fekk bryna seg på Audun og broren Sigurd i ein knalltøff 500 meter for senior.

Fin blanding
I dobbelfirar mix blei det også siger til Arne, då saman med Håvard Haukeland, Helene Bjelland og Mattias Haugland.

- Dei var heilt suverene! At Mattias og Håvard også tok 2. plass i dobbelsculler var imponerande.

Populært vatn
Det fine vêret sundag var med på å skapa ei fin ramme på det som for mange var deira første rostemne. Vaffelpressa gjekk i eitt og på bakkane ved vatnet hadde publikum god utsikt til konkurransen mellom dei håpefulle.

- Ulvenvatnet er eit godt vatn å arrangera rostemne på, stabilt lite vind og bane nær land. Vi har eit fint anlegg og ein god arena å tilby medlemmane, synes Monsen.

Bjørnevik i Baltic Cup
Nokre av roarane som var på vatnet sundag har meir erfaring enn andre. Amund Bjørnevik, som i august blei tatt ut til å delta i Baltic Cup saman med tre eitt år eldre roarar frå Fana, fekk også tatt nokre tak i den 500 meter lange banen.

Amund ser ut til å vera i form før helgas Baltic Cup. I junior B-klassen stakk han av med sigeren og på plassane bak kom klubbkameratane Erling Øyasæter og Lars Kristian Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.