Sport | 12. okt. 2015

Rauk ut på straffe

Os Allianse hamna i nest beste av fire sluttspel, men rauk ut i kvartfinalen på Hamar.

Rauk ut på straffe
15 av dei 17 som deltok på Os Allianse i HamKam Talentcup i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. okt. 2015 19:49

I helga stilte eit allianselag med 13-åringar frå Os på HamKam Talentcup.

Os starta med 2-1-tap for Sørumsand og følgte opp med 2-2 mot Jardar og 3-2-siger over KFUM.

– Kampen mot Jardar burde vi klart å hala i land sigeren. Der låg vi under 0-1, men jobba oss opp i 2-1 før utlikninga kom, seier trenar Tim Henrik Sperrevik.

Av 64 lag i klassen (nivå 1) gjekk dei beste 16 til A-sluttspel, dei neste til B-, C- og D-sluttspel.

Til kvartfinale

Os hamna i B-sluttspelet og vann første kamp 4-0 over Høvik.

– Vi slo Høvik også i Adidas Cup, fortel Sperrevik.

I kvartfinalen sto Byåsen for tur. Kampen blei jamn og gjekk til straffekonk som Byåsen vann.

– Dei var hakket kvassare enn oss og det er ikkje noko å seia på at dei gjekk vidare.

Smak av elite?

Sjølv om Os Allianse landa blant dei beste 24 av 64 lag i talentcupen meiner Tim at gutane knapt har fått smaka på elitemotstand.

– Etter mitt syn måtte du i A-sluttspelet for å sjå dei som kan kalla seg elitelag. Vi hadde med oss mange gode enkeltspelarar, men som lag er vi ikkje heilt der enno.

Brann var einaste frå Hordaland i A-sluttspelet, og dei rauk ut for Drammen i første runde. Nordstrand vann finalen i A-sluttspelet 5-3 over Hinna.

Åsane/Bergen Nord og Vadmyra kom til C-sluttspel, der Åsane/Bergen Nord vann finalen. Arna Bjørnar kom til D-sluttspel, der dei tok 2. plass.

– Vi heng nok litt etter her i bergensområdet. Det gjeld både på og av banen, det handlar om alt frå korleis du trener til korleis du tilnærmar deg ei eliteturnering. Er du opptatt av ro, søvn og kosthald eller ligg du i soveposen og et chips kvelden før kamp? Det skal vera forskjell på det å reisa på ein sosial tur til Sogndal og det å delta i ein talentcup, og det krev meir enn talent for å nå langt.

– Men alt i alt har gutane fått henta gode preferansar på kor landet ligg, så får vi auka kvaliteten på treningskvardagen og slå sterkt tilbake i neste runde, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.