Lokal | 08. apr. 2010

Reagerte på røyk

Eit bål i Øyane fekk folk i Hagavik til å reisa seg frå sofaen.

Reagerte på røyk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. apr. 2010 20:59

Torsdag i 21-tida fekk Midtsiden.no tips om mogleg brann i Søre Øyane. Vi kontakta brannvesenet som meinte det truleg var røyk frå eit bål.

- Vi fekk melding tidlegare i kveld frå ein som varsla at han skulle brenna bål. Sidan det nærma seg mørke åtvara vi vedkomande mot kostnadar ved eventuell utrykking, no trur eg vi får ta ein telefon og be han sløkkja, sa brannsjef Stein Gjøsund.

- Det er digert, det ser ut som om eit hus står i full fyr, skreiv tipsaren då Midtsiden.no meldte tilbake for å avkrefta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.