Os sitt damelag etter dagens kamp. Vilde Drange Veglo nedst til høgre. (Privat foto)

Redda plassen med målkalas

Damelaget til Os er oppe i 20 mål på dei tre siste kampane. Vilde D. Veglo har skåra 8 av dei!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Amazing autumn! jublar trenar Rafael Villén etter nok ein storsiger til Os.

Søndag kveld slo dei Bjarg 1-8 på bortebane.

– Som venta etter 4-1-sigeren over topplaget Loddefjord blei det siger, men det blei meir målrikt enn eg hadde trudd.

Charlotte Balland gav Os 0-1-leiing på indirekte frispark inne i 16-meteren til Bjarg. Os leia 3-0 etter eit kvarter. Vertane reduserte i 20. minutt, men dette blei den einaste skåringa dei fekk.

Bjarg - Os 1-8 (1-4)
Målskårarar, Os: Vilde Drange Veglo 3, Amanda Troøen 2, Tuva Søreide Solberg, Malin Moldskred og Charlotte Balland.
Tropp på fotball.no

Vilde med 8 mål på 3 kampar!

Dagens tre mål var andre hattrick på tre kampar av Vilde Drange Veglo. Den talentfulle jenta har trent og spelt med G16 denne sesongen, men tatt eit tak for damelaget i innspurten.

– Eg synest det har vore veldig kjekt! Det har vore fint å spela med gutane, men eg har ikkje hatt nettkjenning tidlegare denne sesongen. Det har voregøy å skåra igjen, i tillegg har eg fått mykje god øving på 1 mot 1-situasjonar.

Villén er strålande nøgd med god hjelp.

– Det har vore fantastisk å ha Vilde Veglo med i desse kampane. Ho er på eit eige nivå!

– Alle innbytarane var i bruk i dag, og alle gjorde det bra. Dette var veldig kjekt for jentene, synest Villén.

Avsluttar på heimebane

Med nye tre poeng er Os 6 poeng over Smørås på nedrykksplass og 4 poeng framfor Tertnes på nest siste plass før siste serierunde.

Sjå tabell på fotball.no

Os avsluttar sesongen mot Årstad på 4. plass heime søndag (kl 13).

– Eg er truleg i Malaga søndag. Motstanden er noko tøffare, men eg trur dei fint kan klara å vinna den siste òg. Dei som kjem for å sjå på får truleg sjå mykje fin fotball, seier Rafael.

Fleire saker