Lokal | 22. apr. 2010

Reddar 17. maifeiringa

Denne veka startar bygginga av kunstgrasbane i Øyane. Krinsen har heldigvis ein hjelpsam Kongshaug-rektor.

Reddar 17. maifeiringa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. apr. 2010 06:06

- Eg hadde ikkje stilt ferdig spørsmålet før han sa ja, fortel Geir Magne Johnsen om samtalen med Kongshaug-rektor Oddvar Rotvik.

Johnsen er programansvarleg i 17. maikomiteen i Søre Øyane, og ringte til musikkgymnaset for å spørja om å låna skuleplassen deira medan barneskulen er byggeplass.

- Ideelt!
Oddvar inviterte Geir Magne og resten av komiteen på omvising på Kongshaug.

- Vi er heldige som har ein så fantastisk plass rett over brufestet.

- Dette blir eit fint høve for folk i krinsen til å bli betre kjent med Kongshaug, samstundes som skulen og skuleplassen er minst like godt eigna som den plassen vi har feira på kvart år sidan skulen var ferdig tidleg på 80-talet.

Ny rute
17. maitoget startar vanlegvis på snuplassen på Bruarøy, for annakvart år å gå vest til Utgjeret på Røttingen og inn igjen til skulen, og annakvart år til Kongshaug og tilbake.

- I år startar vi på Utgjeret og går til Kongshaug. Ingen snuing for første gong på lenge, noko som er fint for dei som vil kasta seg på undervegs.

Noko ekstra
Kongshaug-rektoren seier til Midtsiden.no at dei, i tillegg til å stilla skuleplassen og kantina til disposisjon, vil opna villaen for dei som vil ha noko ekstra på nasjonaldagen.

- Her blir det servert ein betre lunsj akkompagnert av underhaldning og litt musikk. Både personale og elevar vil bidra.

Russen blir verande
Sjølv om mange av elevane kjem frå andre kommunar plar dei fleste bli igjen på skulen på 17. mai.

- Vi startar dagen med flaggheising og felles frukost. Russen går i tog i Øyane før dei eventuelt stikk andre plassar, noko eg trur spesielt ungane set pris på.

- I år er det Kristi himmelfartsdag rett før 17. maihelga, så vi vurderte å stenga skulen og senda elevane heim. Men det protesterte dei på, dei ville feira 17. mai saman her på skulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.