Luftambulanse, politi og hundepatrulje rykte måndag kveld ut til redningsaksjon på Lyshorn.
– Ei kvinne har gått seg vill og tør ikkje gå vidare då det er mørkt og bratt, opplyser politiet i 22.30-tida.
Politiet har kontakt med kvinna på telefon, og ho skal ha det bra.
OPPDATERT:
Luftambulansen gjorde retur for å fylla drivstoff, men heldt fram med å leita.
Kvinna på tur med mannen sin, men dei to kom vekk frå kvarandre før ho ringte og bad om hjelp.
– Kvinna er funnen. No er hundepatruljen på veg inn for å følgja mannen hennar, som har deltatt i leitinga, ut av skogen, fortalte politiet i Os til Midtsiden klokka 00.29.
Klokka 02.22 natt til tysdag meldte politiet at både kvinna og mannen hennar var funnen i god behold.
Les òg:
Måndag i 14-tida blei ein mann på veg ned frå Borgafjellet henta med ATV etter at han skadde ankelen sin.