Lokal | 16. juni 2018

Reduserer frå 470 (!) til 7 soner i Hordaland

Frå onsdag 1. august blir det enklare og billigare for osingane å ta buss.

Reduserer frå 470 (!) til 7 soner i Hordaland
Sonekartet til Skyss blir kraftig forenkla frå 1. august.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. juni 2018 07:27

Bildeserie:

Tidlegare måtte osingane til Søfteland for å betala med app.
Tidlegare måtte osingane til Søfteland for å betala med app.
1 av 1
Tidlegare måtte osingane til Søfteland for å betala med app.

Fylkestinget i Hordaland vedtok i vinter å redusera talet på takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland frå 470 til 7.

Dette blir iverksett frå onsdag 1. august 2018.

– Ny takstsonestruktur i Hordaland er eit viktig og naudsynt tiltak for å gjere det lettare å reise kollektivt i heile fylket. Målet med forenklinga er å få fleire kollektivreisande, slik det er skildra i Kollektivstrategien for Hordaland fram mot år 2030, seier Hanne Alver Krum, leiar for sals- og marknadsavdelinga i Skyss.

Os inn i sone A

Os blir del av Sone A, det som tidlegare har vore kalla Sone Bergen. Tidlegare besto denne sona berre av Bergen kommune, Straume-området i Fjell og sørspissen av Askøy.

No skal sonen inkludera Os, heile den komande Øygarden kommune, heile Askøy, heile komande Alver kommune og Austrheim og Osterøy.

Innanfor den sonen vil det bli éin billettpris.

– Her har vi tatt omsyn til dei store pendlarstraumane frå nord, vest og sør. Svært få vil kryssa soner i den nye modellen.

Pendlar- og passasjerstraumar, skulekrinsar, kommunegrenser, tettstadar, knutepunkt og naturlege grenser sett av fjord og fjell har vore førande i arbeidet med å utarbeide den nye sonestrukturen. Likevel vil dei nye sonegrensene nokre stadar kryssa kommunegrenser eller buss- og vegforbindelsar.

– Dei aller fleste kollektivreisande, om lag 95 prosent, vil reisa innanfor éi sone. Innføring av ny takst- og sonemodell gir ein enklare kvardag for dei aller fleste kollektivreisande i fylket vårt, seier Krum.

Alle kan betala med app

Det blir også enklare å kjøpe billett. Frå og med 1. august kan appen «Skyss Billett» nyttast i heile fylket.

– Dette trur vi mange vil sette pris på, i dagens sone Bergen brukar om lag 70 prosent appen som betalingsmiddel.

Tidlegare måtte osingane betala kontant, med mindre dei hadde kome seg til Søfteland og over grensa til Sone Bergen.

Ifølgje BT vil Skyss tapa 40 millionar kroner i året på innføring av dei nye sonane.

Enkeltbillett vil vere gyldig i 90 minutt innanfor éi sone, og i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for.

Skal du reisa i fleire soner?

Innanfor kvar sone blir det éin pris i heile sonen. Om du skal kryssa ei sonegrense blir billetten dyrare etter kor mange grenser du kryssar.

Makspris for enkeltbillett blir fire soner, og tre for periodebillettane.

Ombordtillegget på enkeltbillettar for vaksen, barn og honnør blir utvida frå dagens sone Bergen til heile Sone A, det vil seie pristillegg ved kontant betaling om bord.

Om du kjøper billetten i «Sone A» om bord, må du betala ombordtillegg sjølv om du skal reise over fleire soner. Også ordninga med kommisjonærbillettar vil etter kvart bli utvida med salsstadar utanfor Bergen slik at fleire reisande får alternativ til kontant betaling om bord.

Detaljert informasjon med prisar og sonekart ligg ute på samlesida skyss.no/7soner

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.