Lokal | 24. mai 2016

Reduserer talet på leilegheiter

OBOS med justerte planar for Solstrandvegen. Foreslår ei endring i reguleringsplanen etter høyringa slik at ein ender med totalt 65 leilegheiter.

Reduserer talet på leilegheiter
Dei tre første blokkene i Solstrandvegen byrjar å nærma seg innflytting (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 24. mai 2016 09:01

Bildeserie:

Slik er den godkjende planen med totalt 50 leilegheiter (ill: ABO/Os kommune)
Slik er den godkjende planen med totalt 50 leilegheiter (ill: ABO/Os kommune)
Slik ønskjer utbyggar å justera planen (ill: ABO/Os kommune)
Slik ønskjer utbyggar å justera planen (ill: ABO/Os kommune)
Illustrasjon på korleis området vil sjå ut, sett frå fugleperspektiv frå aust, om planen blir godkjent (ill: ABO/Os kommune)
Illustrasjon på korleis området vil sjå ut, sett frå fugleperspektiv frå aust, om planen blir godkjent (ill: ABO/Os kommune)
Dei nye husværa skal arkitektonisk snakka saman med byggetrinn 1 argumenterar arkitektane (ill: ABO/Os kommune)
Dei nye husværa skal arkitektonisk snakka saman med byggetrinn 1 argumenterar arkitektane (ill: ABO/Os kommune)
1 av 4

I oktober handsama Plan- og bygingsutvalet framlegget til ei endring av reguleringsplanen for Solstrandvegen kor utbyggar, Solstrandvegen AS, ville utvida talet på leilegheiter frå 50 til 70.

Eg føler meg lurt, sa mellom anna Harald Døsen (Ap) den gang.

I november gjekk høringsfristen for endringsforslaget ut og utbyggar lovde i eit lesarinnlegg at argumenta som kom inn i høyringsprosessen ville bli lytta til.

No har ABO Plan og Arkitektur, på vegne av Solstrandsvegen AS, sendt inn reguleringsendringane til 2. gongshandsaming i plan- og bygningsutvalet. Truleg kjem saka opp på utvalet sitt møte 9. juni.

Aukar, men ikkje like mykje

I det reviderte planforslaget har utbyggar gått vekk frå 70 leilegheter totalt, 36 av desse i det første byggetrinnet er i ferd med å bli ferdigstilt no i sommar.

Ein søkjer no om å få godkjent totalt 65 leilegheiter i prosjektet. 29 av desse i byggetrinn to, fordelt på 8 i bygg D og 21 i bygg EF.

Leilegheitene vil variera frå 70 til 140 kvadratmeter.

– Utbyggjar har ønskje om å tilby ein endå større variasjon i tilbod av husvære som kan bli aktuell for ein større del av huskjøparane i marknaden. Dette kan kombinerast med også ei meir variert utbyggingløysing som kan styrkje den arkitektoniske heilskapen, skriv ABO i planomtalen.

Parkering i kjellaren

I den reviderte planen går ein vekk frå dei opprinnelege punkthusa i 3. etasjer til ein meir samanhengande bygningsstruktur som likevel framstår som oppdelt i fire bygg, men med fire etasjar.

Dette gjer at maksimal mønehøgde aukar frå 67,8 og 68,8 meter over havet til 71,5 meter over havet (kote 71,5, journ mrk.)

I tillegg legg ein opp til å flytte delar av parkeringa frå bakkeplan til ein kjellaretasje under den samanhengande bygningen. Ein har òg trekt bygningane nærare Hatvikvegen.

– Dette fører til at det på søraustsida av bygningane blir eit meir egna og meir samanhengane grøntareal for felles leik og opphald.

– Den første bustadetasjen vil også bli betre tilpassa de eksisterande terrenghøgdene og dermed føre til betre lysforhold for husværa på terrengnivå, argumenterar ein i planomtalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.