Vêret i Os | 17. des. 2022

Regn i vente - men håp om kvit jul

Delar av dei store snømengdene skal regna vekk, men så skal det bli kaldt igjen.

Regn i vente - men håp om kvit jul
Julegrana i Os sentrum tysdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. des. 2022 09:32

Torsdag 8. desember kom sesongens første snø, tysdag 13. desember kom store mengder påfyll, og snødjupna på vêrstasjonen Florida i Bergen viste 15 cm.

Dagen etter var den oppe i 20 cm, og det har snødd kvar dag sidan då, og det snør også i Os i dag, ei veke før julaftan.

Postvegen og Os kyrkje i dag, laurdag 17. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Postvegen og Os kyrkje i dag, laurdag 17. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men laurdag kveld skal vi få meir av det vi fekk fredag kveld, sludd og regn.

Over helga skal det bli endå varmare, 6 til 8 varmegradar og regn og regnbyger frå måndag kveld til ut onsdag.

Men torsdag ettermiddag skal det bli kaldare.

Noko av nedbøren kan koma som snø, og det er også meldt snøbyger fredag 23. desember.

Julaftan melder både Yr og Storm minusgradar og opphaldsvêr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.