Reiste seg og vann
Handballherrene til Os held fram med å vinna i 3. divisjon. Laurdag blei Gloppen sendt heim med 31-26 tap.
Os kom godt i gang mot Gloppen frå Sogn og Fjordane laurdag og tok leiinga 6-3 etter 11 minutt. Berre eit minutt og femti sekund seinare var kampen utjamna og Os leia med berre eitt 6-5.
Omgangen heldt fram med å bølga fram og tilbake. Os rykte frå, men Gloppen beit seg fast. Os rota og virka lite på både framover og bakover på banen.
Difor måtte dei sjå at Gloppen tok over leiinga 12 sekund før pause. 13-14 blei også pauseresultatet.
– Vi gjer ein grei start, men bommer for mange 100%-sjansar.
– På treningane framover må nok gutane legga meir fokus i avslutningsteknikken. Heldigvis er vi no fleire keeperarar, så det skal vi få til, seier Kenneth Husebø.
Slepp seg nedpå
Husebø fortel at han såg mykje av det same han har sett i dei tidlegare kampen i sesongen.
– Vi startar bra og leier greit, men slepp oss nedpå i staden for å rykke frå.
– Då blir gutane sløve både framover og bakover på banen.
Reiste seg
I pausa blei Osherrane einige om å ta seg samen og gjera ting enklare.
13-14 til pause blir i løpet av det første halvanna minuttet til 16-14. Omlag halvvegs i omgangen leiar Os med fem mål, men igjen slepp dei seg nedpå. Etter atten spelte minutt er dei berre eitt framfor med 22-21.
– Igjen gjer gutane det dei har gjort i tidlegare kamper.
– Dei tek tak og reiser seg igjen. Det skal dei ha skryt for.
– Når dei gjer ting enkelt og står samla i forsvar, så fungerar det.
– Då gjer vi det vi skal. Dei skal ha skryt for det, seier Husebø, som saman med spelarane kunne jubel for 31-26 siger, sjølv utan formspelaren Joakim Blostrupmoen.
Os - Gloppen 31-26 (13-14)
Utv: Os 1 x2 min, Gloppen ingen
Os sitt lag: Trygve Lerch Dahl (10), Andreas G. Sennesvik, Hans Brunvatne, Nils Andris Hamre, Jørgen Wold (5), Mats Berge Brunvatne, Ove Lyssand (6), Fredrik Andresen (3), Isak Røen (6), Peder Lyssand (1), Sivert Egge Drange, Jørgen Engelsen, Håvard Bjørnør.
Med sigeren over Gloppen ligg Os på toppen tre poeng framfor Norrøna på andre plass.