Korona | 07. des. 2021

Reknar med det kjem nasjonal koronastøtte

– Vi ventar at det kjem noko raskt.

Reknar med det kjem nasjonal koronastøtte
Ordførar Trine Lindborg og næringssjef Jon Sivert Rykkel i samband med tidlegare utdeling av lokale midlar til næringslivet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. des. 2021 07:36

Då regjeringa fredag innførte regionale tiltak i vårt område, var ordførar Trine Lindborg (Ap) raskt ute med å seia at ho ville i dialog med serveringsbransjen for å høyra om situasjonen, og at ho ønskte snarast å koma med ei støtteordning til den delen av næringslivet som blir hardast ramma.

Det er særleg desse punkta som kan påverka omsetnaden i det som skulle vore høgsesong for restaurantar og pubar:

  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve.

Midtsiden har foreløpig ikkje henta inn lokale tal, men i ei pressemelding frå Vipps fortel kommersiell leiar Vegar Heir om ein tydeleg nedgang nasjonalt.

– Utelivet blei ramma hardt. Barar over heile Noreg hadde samla sett 30 prosent lågare omsetnad enn helga før, i ei helg dei normalt sett truleg ville hatt vekst i staden.

– Restaurantene opplevde 14 prosent lågare omsetnad fredag og laurdag.

Tett med møteverksemd måndag

Trine Lindborg var i går, saman med ordførarane i dei andre berørte kommunane, i videomøte med både Statsforvaltaren og departementet.

– Vi diskuterte fleire pandemitema, men var også innom næringslivet. Eg er opptatt av å veta om det kjem noko frå sentralt hald, eventuelt få tydeleg tilbakemelding på korleis vi i kommunane skal gjera det, seier Lindborg til Midtsiden.

– Vi fekk signal frå finansministeren at det kjem noko frå regjeringa, men jobbar også lokalt med å førebu saka. Der er næringssjef Jon Sivert Rykkel i gang.

Det er varsla at det vil koma nye, nasjonale omfattande tiltak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.