Sport | 17. sep. 2011

Rekord på rekord

Ny rekord i herreklassen, tangering i dameklassen og rekordstor deltaking. Liafjellet Opp blei ein suksess.

Rekord på rekord
Andris Hamrelørdag 17. sep. 2011 19:44

Laurdag førmiddag deltok heile 99 løparar frå 2-3 års aldren til godt vaksne i Liafjellet Opp frå Nore Neset Aktivitetshus til Storevarden på Liafjellet.

- Vi synes vi var ambisiøse då vi sette oss eit mål på 75 deltakarar.

- At heile 99 deltek er heilt fantastisk. Det er dobbelt så mange som i fjor, fortel arrangementssjef Tord Skogedal.

Førre rekord var på 72 deltakarar.

Sjå Midtsiden sin bildeserie frå Liafjellet Opp på vår facebook-side.

Ny herrerekord og tangering i dameklassen

Asbjørn Berland, som tidligere har vunne Gullfjellet Opp, blei raskaste mann med tida 9:44, eitt sekund raskare enn den gamle rekorden til Jon Tveit.

- Dermed fekk vi gleda av å dele ut 5000 kroner i gåve frå Osbadet til den raske løparen, fortel Skogedal.

Ei som ikkje fekk pengegåve, men som tangerte eksisterande rekord var Marita Linga. Ho løp den omlag halvanna kilometeren på 13:54, same tid som Astrid Nybø brukte i 2009. Nybø kom i år inn med neste beste tid blant damene med tida 14:40.

- Klassevinnarane vann ikkje pengepremie, men gåvekort hjå Actic eller Osbadet litt avhengig av kva alder dei har.

- Det som er veldig kjekt å høyre frå løperane er at underlaget fungerte bra og tålte den nedbøren som har kome i det siste.

- Løypa har ikkje blitt raskare, men likevel betre er tilbakemeldingane, seier Skogedal.

Permanent tursti

Arrangørane bak Liafjellet Opp har ambisjonar om å forlenga grusstien.

- Når vi veit kor den nye ungdomsskulen kjem vil vi leggje stien lengre ned mot Nore Neset Aktivitetshus.

- Med det håpar vi at vi kan laga området til eit flott turområde som folk vil bruke heile året, avsluttar Tord Skogedal.

Resultata

(Dei tre beste i kvar klasse)

Jenter tom 15 år

1. June Vestbø Steien - 15:23
2. Tonje Bolstad - 15:34
3. Birgitte Orrebakken - 16:11

Jenter 16-30 år

1. Astrid Nybø - 14:40
2. Siv Hege Håvardsthun - 16:36
3. Maria Vestbø Steien - 18:00

Jenter over 30 år

1. Marita Linga - 13:54 (Tangering av rekord)
2. Tone Hadler Olsen - 15:40
3. Anne Karine Midtbø - 16:31

Gutter tom 15 år

1. Øyvind Odland - 11:12
2. Eirik Spangello Haga - 13:06
3. Lars Hadler Olsen - 14:15

Gutter 16-30 år

1. Asbjørn Berland - 9:44 Ny rekord
2. Kai Arne Helland - 10:59
3. Håvard Austevoll - 11:12

Gutter over 30 år

1. Svein Arne Reiersen - 10:58
2. Thomas Andersen - 11:12
3. Lars Lindèn - 11:54

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.