Kultur | 20. juni 2016

Rekordmange pallar

Det ligg an til å bli eit stort bål når jonsok skal feirast i Mobergsvikjo torsdag. – Vi har aldri hatt så mange pallar som i år, fortel Berit Steen.

Rekordmange pallar
Arrangementssjef Berit Steen med pallane dei skal laga jonsokbål av (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. juni 2016 13:04

Oseana Kunst- og kulturhus har gjort det til ein tradisjon å invitera til jonsokfeiring i Mobergsvikjo.

– Det blir etter same lest som tidlegare. Vi sørgjer for bål og tenner grillene, så folk kan koma med det dei ønskjer å eta og grilla dette sjølv, fortel arrangementssjef Berit Steen.

Stort bål

I tillegg til bål og griller, blir det òg musikalske innslag.

– Bålet i år blir truleg det største vi har hatt her etter at vi tok opp att tradisjonen med felles feiring for heile bygda. Vi har iallefall aldri hatt så mange pallar som vi har i år, seier Steen.

Grillane blir tende klokka 16, medan bålet blir tent omlag klokka 17.

Gode vêrutsikter

For dei som fryktar at det blir dårleg vêr, så kan meterologane koma med gode nyheter. I følgje yr.no skal torsdagen starta med litt regn natt til torsdag, men etterkvart skal de letta og bli delvis skya med lett bris frå sørvest og 16 varmegrader.

– Regn har ikkje vore noko problem tidlegare år heller, så eg reknar med at osingane finn vegen ògså i år, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.