Samferdsle | 16. nov. 2022

Rekordmange tar lappen på MC

– Vi ser ikkje vekk ifrå at det kan auka vidare neste år, med tanke på bompengane.

Rekordmange tar lappen på MC
Den praktiske opplæringa inkluderer køyring mellom kjegler på lukka område. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. nov. 2022 10:07

Oppkøyring for motorsykkel kan gjennomførast frå mai til november.

Statens vegvesen har gjennomført 13.090 oppkøyringar i motorsykkelklassane i år, ein vekst på nesten 3.000 frå 2019.

13.090 oppkøyringar er ny rekord.

– Motorsykkel, eller førarkortklassane A, A1, A2, er tilleggsklassar som vi gler oss til å gjennomfare kvart år.

– Men dei gir oss samtidig nokre ressursutfordringar, seier Terje Bekker i Statens vegvesen.

Lokal vekst

Trenden har vore aukande i fleire år. Det gjeld også lokalt, nær Os. Vegvesenet sin trafikkstasjon i Bergen hadde rekord i 2021, trafikkstasjonen på Stord hadde rekord i år.

– Vi har merka auken, seier Arne Bjoarvik hos Bjoarvik Trafikkskole i Os.

– Heldigvis fekk vi tak i endå ein køyrelærar tidlegare i år, så vi kom opp i 2,5 mc-lærarar.

– MC-lærarar er vanskelege å få tak i, og utan denne utvidinga hadde vi ikkje hatt sjanse til å ta unna alle som ville ta mc-lappen i år.

Bompengar kan gi vidare auke

Bjoarvik trur interessa kan halda fram med å veksa.

– Mange av dei som tar mc-lappen hos oss er ungdom som tar A1 (lett MC). Med opning av ny veg med bompengar, ser vi for oss at fleire vaksne vil ta mc-lappen neste sesong.

Mopedistar (som ikkje har lov å køyra på motorvegen) og motorsyklistar betaler ikkje bompengar.

Les ògDei tre første dagane med ny E39: Sånn var trafikken - og inntektene

Oppkøyringar i Bergen og på Stord

2020
Bergen: 1312, 1112 bestått (85 %)
Stord: 111, 95 bestått (86 %)
Sum: 1.423

2021
Bergen: 1561 (85%)
Stord: 132 (86%)
Sum: 1.693

2022
Bergen: 1476 1197 (81%)
Stord: 174 152 (87%)
Sum: 1.650

Totalt i Norge: 13.090, 82 % bestått.

Bruker kveldar og laurdagar

Terje Bekker i Statens vegvesen trekk fram sensorane sin fleksibilitet og arbeidsinnsats som avgjerande for dei gode oppkøyringsresultata.

– Det har blitt gjennomført oppkøyring på laurdagar og kveldar, fleire sensorar har utsett sin eigen ferie og mange sensorar har reist til andre trafikkstasjoner for å avlasta kollegaer, seier Bekker.

Oppkøyringar på landsbasis dei siste åra:

2022: 13.090
2021: 12.908
2020: 11.804
2019: 10.167

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.