Lokal | 11. feb. 2009

Rektor fekk stoppa Facebook-gruppe

Rektor ved Os Gymnas, Trond Eikeland, har hatt møte med administratorane av Facebook-gruppa som spreidde sladder om elevar.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. feb. 2009 09:20

Ei Facebook-gruppe kalla «Sladdergut», med rundt 300 medlemmar, skreiv sladder om elevar på Os Gymnas.

No er forholdet rydda opp i.

- Vi fann ut kven som står bak og hadde eit møte med dei. Gruppa er lagt ned og ingen av partane vil følgja saka opp vidare, seier rektor Trond Eikeland.

- Får administratorane av gruppa noko form for straff?

- Ingen enkeltepisodar får direkte verknad på standpunktkarakteren i åtferd, men denne episoden bli med i vurderinga når karakteren skal setjast, seier rektor.

Dei som sto bak bør med andre ord oppføra seg ganske fint resten av skuleåret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.