Lokal | 08. okt. 2018

Resultat frå to kontrollar

Statens vegvesen har sjekka tunge køyretøy både før og etter helga.

Resultat frå to kontrollar
Torsdag sto vegvesenet i Hjellemarka (arkivbilde), i dag var dei på streif i Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. okt. 2018 16:25

Torsdag kveld hadde Statens vegvesen kontroll på E39 i Hjellemarka.

Éin fekk bruksforbod grunna kjennemerke, og måtte plassera dette riktig før vedkomande fekk køyra vidare - to andre køyretøy fekk mangelseddel grunna tekniske feil.

I tillegg blei det gjeve nokre muntlege pålegg om utbetrding av lys.

To brot på køyre- og kviletid

I dag har Statens vegvesen hatt streifkontroll i Os. Dei stoppa i alt 53 tunge køyretøy, 21 av dei blei det sett nærmare på.

Eín sjåfør blei meldt for brot på køyre- og kviletidreglement, ein annan fekk skriftleg åtvaring.

To køyretøy fekk bruksforbod grunna dårleg lastsikring, eit anna fekk teknisk mangel på lys, melder vegvesenet i sine rapportar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.