Returnerer til Os
I 07/08-sesongen skåra Irene Tangerås 121 mål for Os. No kjem ho tilbake frå Fyllingen.


Etter ein og ein halv sesong for Fyllingen er Irene Os-spelar igjen.
- Det er både eg og spelarane glade for, seier trenar Kenneth Husebø.
1,5 sesong i 1. divisjon
Irene Tangerås gjekk frå Os til Fyllingen før 08/09-sesongen. Ho spelte både cup og serie for førstedivisjonsklubben, men var ein del sjuk og fekk kyssesjuka i november i fjor. Dermed var ho utan trening og spel fram til ho i midten av februar reiste på ein tre månadar lang ferie med fire venninner frå Os.
- Det blei dessverre lite spel det første året, men eg fekk spela ein del tidleg i sesongen og no i haust, seier Irene.
Saknar miljøet
Irene går på Norges Handelshøgskole og held på med masteroppgåve. Nyleg tok ho fri frå handball nokre veker for å bruka tid på å førebu seg på eksamen. Då fekk ho samstundes ein tenkepause.
- Eg saknar miljøet i laget, venninnene mine og stemninga i Oshallen, det skal bli kjekt å koma tilbake.
- Dessutan krev skulen mykje for tida, så handball har ikkje førsteprioritet dette året, seier Tangerås om overgangen frå frå første- til andredivisjon.
Ho legg til at ho likte seg godt i Fyllingen òg.
God på distanse
I dei to siste sesongane for Os var ho med 72 og 121 skåringar blant dei tre og to som skåra mest for laget.
- Irene har noko vi har hatt for lite av den siste tida, gode skot frå distanse, seier Os-trenaren.
- Ho kjem til å forsterka laget, ikkje berre i kamp, men på trening og sosialt. Både vi i lagleiinga og spelarane ser fram til å få ho tilbake, seier Kenneth.
Tangerås blir dessverre ikkje klar til heimekampen førstkomande laurdag, overgangen er ikkje gjeldande før 25. desember.
Bortekampen mot Jotun 9. januar og heimekampen mot Tertnes 2 21. januar er Os sine to første kampar i 2010.