Sport | 24. apr. 2019

Rev med skabb avliva i Banktjørnhaugen

– Det har vore ganske mange meldingar om rev med skabb dei siste vekene.

Rev med skabb avliva i Banktjørnhaugen
Denne reven blei funnen og avliva i Banktjørnhaugen i dag. (Foto: Espen K. Andersen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. apr. 2019 10:12

Reveskabb kan vera ubehageleg for menneske, men skal ikkje farleg.

– Men det er veldig smittsamt, andre dyr kan til og med bli smitta av å gå der reven har gått. Hundar og særleg kattar er utsette, men heldivis er mange vaksinerte, seier viltkontakt Espen Krüger Andersen.

• Les òg: Åtvarar naboane mot sjuk rev (Lysefjorden, november 2018)

I dag avliva han ein rev med skabb i Banktjørnhaugen.

– Det har vore ein del meldingar dei siste vekene, berre i påsken har det kome inn 4-5 observasjonar, blant anna frå Prestegardsskogen og Lekven.

Har felle ståande på Lekven

Dagens avliving kom etter presis observasjon.

– Meldar kunne seia nesten nøyaktig kvar reven var. Elles kunne det vore vanskeleg. Om nokon berre har sett sjuk rev éin gong, så er det som oftast ikkje nok. Men om dei er svært sjuke så beveger dei seg mindre, og då er dei enklare å finna.

Andersen håper reven er den same som har gått i Prestegardsskogen. I tillegg har det kome melding frå Oshaugen.

– Vi prøver òg å fanga dei med felle, noko vi klarte på Lio i Hegglandsdalen tidlegare i vinter.

– Vi har ei felle ståande på Lekven, men til no har den berre fanga kattar. Det er ulempa, du må sjå til fella fleire gongar for dagen for å hindra at kattar står fanga så lenge. Og det skal mykje til for at rev blir fanga.

Gode observasjonar er avgjerande

Andersen oppmodar folk i utsette område å sjå ekstra til kjæledyra sine.

– Ved observasjonar ring politiet på 02800, så melder dei vidare til oss viltkontaktar.

– Det er som oftast ved gjentakande observasjonar, eller heilt ferske observasjonar, at vi lykkast å finna og avliva dyra.

Han trur årsaka til dei hyppige observasjonane no i april kan vera fredning frå 15. april og fødslar.

– Sjuk rev med ungar vil gjerne søkja seg til bustadområde fordi dei ikkje er friske nok til å jakta, og håper å finna mat der det bur folk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.