Rev påkjørt i Byvegen
Politi og brannvesen rykte ut for å avliva ein påkjørt rev.
I 8.20-tida tysdag morgon blei ein rev påkjørt i Byvegen ved avkjørsla til Gymnasvegen. Reven blei liggande i venstre hjulspor retning nord og fekk bilistane til å kjøra slalåm forbi.
Midtsiden kom tilfeldigvis forbi, tok bilde og slepte reven, som allereie var død, av vegen. Så møtte vi både brannsjefen og politiet på veg for å ta hand om det påkjørte dyret.
Væpna brannsjef
– Eg fekk melding om ein skadd rev og har utstyr med til avliving, sa brannsjef Stein Gjøsund.
Væpna med bossekk og hammar var han klar for jakt.
Politiet hadde også fått melding om den påkjørte reven og kom for å ta den med seg frå grøfta.
Skotpremie i Os?
I Hordaland er det fleire kommunar som har skotpremie på rev. Skotpremien varierer frå 150 til 500 kroner (Fjell og Ulvik).
I Os kommuner er skotpremien 150 kroner, men ingen heva premie på dagens påkjørte eksemplar.
Os har også skotpremie på mink. Minken får du 75 kroner for, mot 200 i Masfjorden, som betaler best.
Mørk raudrev
Den påkjørte reven hadde kvit haletipp, men var ikkje knallraud i resten av pelsen, slik raudrevar ofte er.
– Eg kan ikkje så mykje om rev, men den kan vera ispedd gener frå rømt oppdrettsrev, seier viltkontakt i Os kommune, Espen Andersen.
Raudrev kan også vera sølvfarga. Les meir om rev på Wikipedia.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.