Revidert innspel på Hauge

Arealplanen • Grunneigar og utbyggjar med revidert innspel på Hauge for å få til både golfbane og bustadbygging.

Illustrasjon av utbyggingsløysing på Hauge (ill: ABO/Os kommune)
Andris Hamretirsdag 27. juni 2017 12:57

I fjor sommar gjekk fristen for å koma med innspel til oppstart av arbeidet med rullering av kommunedelplanen sin arealdel ut. Der kom det fleire spenstige innspel, mellom anna ny sjukeheim på vestsida av Hovereio, bustadar på golfbanen og på Ferstadvollen.

No har ABO på vegne av grunneigar Kjersti Bjørke og utbyggjar Det vestlandske boligbyggerlaget, Vestbo, kome med eit revidert innspel når det gjeld golfbanen.

– Etter at førre innspel vart sendt inn har det vore dialog med golfklubben som har gjeve utslag i skissering av ny løysing som viser korleis området kan nyttast både av golfklubben og med nye bustader. Revidert løysing for området er framleis tenkt som ein vidareføring av busetnad som grensar opp til området.

– Prosjektet viser no eit tilpassa sambruk med golfbanen, der driving range er flytta og dei andre hola i hovudsak er oppretthalde. All innkøyring til bustader nyttar dagens tilkomst til golfbanen. Det er vist moglegheiter for nytt klubbhus/allmennyttig hus vis-a-vis Bjørnefjorden Gjestetun med innkjøring frå Hegglandsdalsvegen, skriv ABO til kommunen.

Les òg: Golfklubben på veg opp

Naturleg utvikling av sentrumsområdet

I innspelet argumenterar ABO for at ei omdisponering av delar av eigedomen frå idrettsanlegg til bustadføremål vil vera ei naturleg utvikling av sentrumsområdet til Osøyro, mellom anna fordi det ligg delvis innafor område sett av til kjerneområde for «Bymessig utviklingsområde».

– Det er uttalt at i ei sone på 2,5 km gangavstand frå Osøyro kan definerast som det naturlege omlandet til kommunesenteret. Innanfor denne sona vil ei vidare utvikling støtte opp kring eksisterande senterstruktur og styrkje Osøyro som senterområde. Vidare er det ifølgje regional plan for senterutvikling i Hordaland ein føresetnad at for at eit senter skal fungere optimalt så må flest mogeleg tilbod og funksjonar vere lokalisert innanfor ein gangbar kjerne. Området er lokalisert innanfor ei gangbar kjerne og er difor med på å styrke at Osøyro skal fungere optimalt som senterområde.

Ønskjer tett dialog

Sjølv om området ligg delvis innanfor kjerneområdet for landbruk og ligg på dyrka mark meiner ein at området si nærleik til Osøyro gjer at det har høg samfunnsmessig verdi å utvikla området. Ein ser òg for seg at ein kan ha kolonihagar/parsellhagar mellom nokre av bygga.

– Golfbanen som held til i innspelsområdet i dag må endrast litt som følgje av endringa. Dette gjeld i stor grad at driving- range er flytta og at eit hol må flyttast. Det vidare planarbeidet må ha tett dialog med Bjørnefjorden Golfklubb samt om mogleg også engasjere golfarkitekt/planlegger til dette arbeidet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.