Kultur | 17. nov. 2011

Rhorm tilbake på Bar2Be

Med eigne låter og kjente rockeklassikarar inntar Asle Bentzen og resten av RHORM scenen på Bar2Be igjen.

Rhorm tilbake på Bar2Be
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. nov. 2011 12:08

RHORM rocka Os på Bar2Be i mars. I morgon er dei tilbake med eit godt parti med festlåter.

Dei har også med seg bergensbandet Faith Cirkus, som tar pause frå plateinnspelinga, for å varma opp publikum på Os.

– Det blir to band som kjem saman i ein symbiose av rock 'n roll, seier osingen og gitaristen Asle Bentzen frå RHORM.

RHORM blei starta som kollegaband på TV 2-huset i 2007. Asle Bentzen har med seg nordhordlandsstrilane Roy Svendsen (gitar), Jan Inge Ebbesvik (vokal), Lars Helge Glomnes (trommer) og Anders Dale (bass).

Fire år etter starten har bandetspelt seg opp eit godt rykte som liveband. RHORM blandar eigne låter med drypp av eviggrønne slagarar frå stort og smått frå rockehistoria, noko osingane sette pris på sist RHORM spelte på Bar2Be.

– Vi serverer alt frå Lady Gaga til Whitesnake, vi hjelper rett og slett artistkollegaer i utlandet å få låtene sine ut til eit breiare publikum, seier den rause RHORM-vokalisten Jan Inge Ebbesvik.

Les òg:
Til Os for å helsa på

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.