Næringsliv | 08. aug. 2018

– Riv Oshjørnet og lag torg ut mot Oselvo

– Dette kan vera siste sjanse til å få ein god, open plass på Osøyro, men eg veit at eg er feil mann til å seia det.

– Riv Oshjørnet og lag torg ut mot Oselvo
– Tenk opninga vi hadde fått mot Oselvo om Oshjørnet blei jamna med jorda, erstatta av torg med brygge, seier Bakketeig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. aug. 2018 17:06

Bildeserie:

Bakketeig eig sjølv nabobygget (i grått). (Foto: KVB)
Bakketeig eig sjølv nabobygget (i grått). (Foto: KVB)
Bygget og baksida utgjer til saman eit bra areal for eit torg. (Foto: KVB)
Bygget og baksida utgjer til saman eit bra areal for eit torg. (Foto: KVB)
Baronsgården selte ikkje godt nok. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
Baronsgården selte ikkje godt nok. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)
1 av 3
Bakketeig eig sjølv nabobygget (i grått). (Foto: KVB)
Bygget og baksida utgjer til saman eit bra areal for eit torg. (Foto: KVB)
Baronsgården selte ikkje godt nok. (Ill.: Os Bygg og Eigedom/HLM Arkitektur AS)

Oshjørnet, som er eigd av det kommunale aksjeselskapet Os Bygg og Eigedom, har vore forsøkt omregulert for sal av eigedomar i utvida versjon.

• Les òg: Baronsgården klar for sal (oktober 2016)

Responsen var ikkje god nok, og sidan har det skjedd lite som har vore synleg for publikum, utover at Strikkebutikken har måtta flytta og en 30 år gamle frisørsalongen Tojo ikkje fekk fornya kontrakt, og måtte legga ned. Ei knust rute sto med glasmeister-teip i over eit år, men er no erstatta med ei plate.

I juni i fjor diskuterte Os formannskap kva Os Bygg og Eigedom bør driva med, arealutvikling eller bustadutvikling. Å overlata bustadutvikling til andre, var eitt forslag, å bygga bustadar for førstegongsetablerarer eit anna.

No kastar Per Tore Bakketeig seg inn med ein idé.

– Siste sjanse til å få eit skikkeleg torg

– Då kommunen rusta opp Øyro og torget, bygde dei eit bygg som etter mitt syn tar for stor del av denne plassen. Restauranten er fin, men bygget burde vore trekt meir tilbake, inn mot bokhandlarbygget. I dag har vi ikkje noko torg, skal folk samla seg må dei stå på Kyrkjeflaten og bli våt på beina

– Når OBEAS ikkje får til prosjektet sitt, å fornya Oshjørnet, så bør dei riva det og halda plassen open, meiner Bakketeig.

– Då kan vi få eit stort, ope og solrikt torg ned mot Oselvo, ei elv som dessverre i stor grad er skjult av mange andre bygningar. At Aspenes-brørne har opna opp mellom gamlebanken og nyebanken igjen, er veldig bra. Os Bygg og Eigedom har snakka om å laga ein plass bak Baronsgården, der det i dag er parkerin, men det blir for puslete, og i skyggen av bygget.

Bakketeig meiner Os treng eit torg, ein større og open festplass, og at dette kan vera beste sjanse til å gjera det kommunen lenge har sagt at dei ønskjer; å opna opp mot Oselvo,

– Sideelva, Baronselvo, som har fine hoppesteinar bak Sælen, kan koma opp i dagen i eit større strekk. Om det blir mudra litt kan vi kanskje få fleire båtar, om ikkje anna enn robåtar og kajakkar, opp i elva og nesten inn i sentrumskjerna. På sikt kan også brua over til austsida koma frå torget.

Feil mann

Per Tore eig nabobygget til Oshjørnet/Baronsgården, eit bygg som no er regulert til fem etasjar. Han veit godt at eigedomen hans kan auka i verdi om nabohuset blir jamna med jorda til fordel for ein torgplass.

– Det er det som er synd, eg er feil mann som kjem med ideen. Eg håper likevel at nokon vil lytta, og at folk trur meg når eg seier at forslaget kjem fordi eg meiner det er det beste for alle, ikkje for meg.

– Eg har vakse opp på Øyro, då det var Esso-stasjon omtrent der Strikkebutikken var, og daglegvarebutikken Forbruksforeningen, seinare S-laget, var i nabolokalet. Seinare har rådhuset blitt bygd, og kasta skygge over store delar av Øyro. Men når ny restaurant kom i nybygg på torget, legg vi betre merke til at det faktisk er solrikt i sentrum utover kveldane. Den same kveldssola vil skina på tomta der Oshjørnet står i dag.

Dyr tomt?

Før Os Bygg og Eigedom kjøpte Oshjørnet hadde fondet som eigde bygget, BB Eiendom Invest, gjeve opp å fornya og gjort eit forsøk på å selja seksjonert slik det står i dag.

– Det ville blitt ei ròten tann i nye Os sentrum, om bygget blei ståande som i dag, med mange små eigarar som ikkje ville hatt sjanse til å fornya fasaden.

– Derfor kjøpte eg to av leilegheitane, ba fondet stoppa salet og tok kontakt med ordføraren (Terje Søviknes) for å be kommunen kjøpa bygget.

– Om dei kjøpte bygget for å utvikla det, men i staden river det for å bygga eit torg, vil ikkje det tilsvara ein høg tomtekostnad?

– Nei, ikkje på sikt. Du får ikkje ein sånn plass igjen. Så vidt eg veit betalte dei 13-14 millionar for bygget, og så har dei nok brukt nokre millionar på nye planar, men det eit torg og ein opning ned mot Oselvo kan bety for generasjonane som kjem, vil ha langt høgare verdi, meiner Per Tore Bakketeig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.