Sport | 07. okt. 2012

Robin herja med Trott

Søre Neset viste laurdag at dei fortener å halda seg i 5. divisjon, men full pott blei det ikkje. Her er fleire resultat frå kampane i helga.

Robin herja med Trott
Robin Hjertnes (t.h.) skåra begge måla til Søre Neset i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. okt. 2012 19:45

Måndag kveld speler Os heime mot Sandnes Ulf 2, men i helga er det allereie spelt fleire andre kampar på ulike heimebanar i Os.

Nore Neset og Lysekloster 1 og 2 har vunne sine kampar og Søre Neset, som ligg på botnen av 5. divisjon, var svært nær på å slå Trott på 3. plass.

– Vi leia 2-0 til pause og hadde i grunnen full kontroll. Robin Hjertnes skåra begge måla, fortel trenar Vidar Bahus.

Men eit frispark eit par minutt før slutt førte til redusering og ein corner på overtid var nok til 2-2 og poengdeling.

– Det var veldig surt, det hadde vore godt å få full pott i går.

Søre Neset har Rosendal borte og Os 2 heime i dei to siste rundane.

ANDRE RESULTAT FRÅ HELGA:
6. div: Søfteland - Baune 2 3-0 (Baune 2 stilte ikkje)
6. div: Nore Neset - Ny-Krohnborg 2 4-2
4. div: Lysekloster - Nordhordland 2-1
5. div: Søre Neset - Trott 2-2
4. div: Os dame - Vestsiden Askøy 2-3
6. div: Lysekloster 2 - Viggo 6-4

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.