Båt og sjøliv | 05. sep. 2022

Røde Kors-båten er døypt

Gudmor Toftesund hadde med seg nok ei raus gåve.

Gudmor Toftesund saman med styreleiar Thomas Hopland (t.v.) og leiar Terje Hårvik. (Foto: Røde Kors)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. sep. 2022 06:56

Torsdag 30. juni kom den nye Røde Kors-båten til Hordaland.

Fem dagar seinare var vi om bord.

«Bjørgvin» er 11 fot lengre og nesten to meter breiare enn den førre Røde Kors-båten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOm bord i den nye Røde Kors-båten

Laurdag var det dåp på Møhlenpris ved BI-stranda. Der var blant anna representantar frå politi, brannvesen, ambulansen og Kystvakten gjestar.

Benedikte Osaland Toftesund, banksjef i Sparebanken Vest på Os, var gudmor.

– Vi er glad ho takka ja, seier Kristian Strønen, som har vore Os Røde Kors sin mann i prosjektet.

Bildeserie:

Gudmor Benedikte om bord i «Bjørgvin». (Foto: Røde Kors)
Kristian Strønen frå Os Røde Kors saman med gudmor Toftesund. (Foto: Røde Kors)
Ein stor dag for dei frivillige i hjelpekorpsa. (Foto: Røde Kors)
Gudmor Benedikte om bord i «Bjørgvin». (Foto: Røde Kors)
Kristian Strønen frå Os Røde Kors saman med gudmor Toftesund. (Foto: Røde Kors)
1 av 3
Kristian Strønen frå Os Røde Kors saman med gudmor Toftesund. (Foto: Røde Kors)
Ein stor dag for dei frivillige i hjelpekorpsa. (Foto: Røde Kors)
Gudmor Benedikte om bord i «Bjørgvin». (Foto: Røde Kors)

Sparebanken Vest er frå før største sponsor på ny båt. I tillegg hadde Toftesund med seg 400.000 kroner i gåve til gudbarnet sitt.

Namnet blei, som tidlegare gjort kjent, «Bjørgvin».

Gamal båt vs ny båt:

  • Førre båt var 37 fot, denne er 48 fot
  • «Bjørgvin» er nesten to meter breiare
  • «Bjørgvin» går om lag like fort, rundt 40 knop. Men denne toler meir sjø, og kan derfor halda høgare fart i vanskelege forhold
  • Førre båt hadde scoop-brett, men lite plass til liggande pasientar, denne har eigen plass til båre
  • To varslingssystem om bord. Blir, når kopla på oppdrag for AMK eller Hovedredningssentralen, kopla opp på same monitor som dei bruker.
  • «Bjørgvin» har både fastmontert sløkkeutstyr (førre båt sitt utstyr måtte haldast/styrast med hand), hjartestartar og utstyr til å måla O2-metning, blodsukker og blodtrykk
  • Eige termisk kamera/nattkikkert som fast utstyr
  • «Bjørgvin» er, i motsetnad til førre båt, godkjent som slepebåt. Vinsjen og akterdekk toler 8 tonn.
  • Båten er tilpassa å ta med rednings-vassjet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.