Båt og sjøliv | 02. juli 2022

Ny Røde Kors-båt på oppdrag i Korsfjorden

Torsdag kom den nye båten til Bergen, i dag var den på sitt tredje oppdrag.

Ein seglbåt låg i fare for å reka på land i vinden laurdag ettermiddag. (Foto: Theodor Eide, Hordaland Røde Kors)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. juli 2022 18:25

Den nye Røde Kors-båten, som Os Røde Kors er medeigar i, kom til Bergen torsdag.

– Den kom i drift frå første stund, og vi har både hatt mannskapsopplæring og fått testa den på konkrete oppdrag, seier fartøysjef Fredrik Aksnes.

I dag var dei på sitt tredje oppdrag i den nye båten, denne gong ikkje langt frå stoveglaset til Kristian Strønen i Os Røde Kors.

Strønen, som bur i Nordstrøno, har vore del av gruppa som har jobba led planlegging og finansiering av båten.

Utanfor Korsneset låg nemleg ein seglbåt utan god nok styring.

– Vi høyrde det på VHF-en, og var i kontakt med Hovedredningssentralen, som sendte oss på oppdraget, seier Aksnes.

Det var to vaksne og tre ungar i båten.

– Det var fare for at den skulle reka på land, i tillegg er det ferjetrafikk i området. Dei om bord er æresmedlem, og blei ikkje berre taua til nærmaste kai, men heim i ein marina ved Haakonsvern, der dei har båtplass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.